NRK Meny
Normal

Fallskjermhoppar vil bryte lydmuren i fall frå 36 kilometers høgd

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Den 43 år gamle helikopterpiloten vil i dag prøve noko ingen før i verda har gjort.

Fallskjermhoppar vil bryte lydmuren i fall frå 36 kilometers høgd

NETT-TV: Fallskjermhoppar vil bryte lydmuren.

Austerrikaren Felix Baumgartner vil prøve å gjennomføre det spektakulære rekordforsøket i New Mexico i kveld. Frå 36.576 meters høgd vil han kaste seg ned mot jorda i fritt fall. Klarar han dette vil han sette ny verdsrekord.

Det vil bli det aller raskaste og lengste frie fallet gjort av eit menneske.

Ein må heilt tilbake til 1960 for å finne den førre rekorden, då amerikanske Joe Kittinger overlevde eit hopp frå 31.333 meters høgd.

Vil hoppe klokka 19

I ettermiddag, norsk tid, vil han bli løfta opp av ein ultratynn heliumballong, som er like høg som ein 55 etasjars bygning.

Etter stigninga, som vil vare i tre timar, vil han gjere eit kaninhopp ut av trykkapselen til å nærast vere i vakuum, der det nesten ikkje er noko oksygen. Her vil temperaturen kome ned mot 57 kuldegradar.

Etter fem minuttar og 35 sekund vil han etter planen utløyse ein fallskjerm som, dersom alt går etter planen, vil bringe han trygt ned til bakken.

(artikkelen held fram under biletet)

Felix Baumgartner

Baumgartner viser farm det supertynne materiale den gigantiske ballogen er laga av.

Foto: Joerg Mitter / Ap

Baumgartner vil bli utsett for ekstreme påkjenningar når han kastar seg ut frå den spesiallaga kapselen sin. På veg mot bakken vil han bryte lydmuren etter rundt 35 sekund, og han vil kome opp i ein fart på ufattelege 1.110 kilometer i timen.

Du kan følgje heile stuntet direkte på NRK.no. Energidrikken Red Bull sponsar rekordforsøket, og har sett opp ein strøm med video frå heile 30 kamera. Frå innsida av kapselen, frå eit helikopter og frå bakken.

Skyhøg risiko

Det er ikkje få ting som kan gå gale når Baumgartner skal ut i vinden. Kjem han i kontakt med kapselen når han skal hoppe ut, kan det gå hòl på romdrakta hans.

Ei lita ripe kan øydelegge oksygentilførselen hans, og han vil bli utsett for livsfarlege temperaturar. Det kan også føre til at det vert danna bobler i kroppsvæskene, ein tilstand som er kjend som «kokande blod».

Sjølv om han er ein erfaren fallskjermjeger, er det også stor fare for å spinne ut av kontroll, noko som kan by på mange problem.

Baumgartner har gjort to prøvehopp tidlegare. Eit frå 24 kilometers høgd i mars, og eit frå 29 kilometer i juli.

Den ekstreme atleten har brukt fem år på å førebu seg på stuntet.

Felix Baumgartner

Austerrikaren har gjennomført to testforsøk tidlegare i år, men frå ei lågare høgd.

Foto: Jay Nemeth / Ap
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt