Sjå lista over sakna nordmenn
Måndag melde Kripos at 275 nordmenn var sakna og 16 døde etter flodbølgja i Asia. Etter kort tid gjekk talet på sakna ned i 150.
Ved midnatt var talet nede i 107.
I førre veke frykta statsminister Kjell Magne Bondevik at opp mot 1000 nordmenn kunne vere døde.
Turistar vert evakuert fra Phuket på Thailand.
- Letta over lågare tal
- Eg føler i alle fall glede og lettelse for at talet er lågare enn det ein kunne frykte på eit tidspunkt, sa justisminister Odd Einar Dørum måndag.
Grunnen til at tala er så ulike er mellom anna at Utanriksdepartementet sine lister hadde ei rekkje dobbeltføringar, som no er fjerna.
- Den informasjonen som UD sat med, var komen inn frå ulike hald, nokre med fornamn, andre med etternamn, slik at det vart dobbeltføringar, seier Arne Huuse, sjef i Nye Kripos.
UD ville sjekke meir
På ein pressekonferanse i dag vart det stilt spørsmål ved kvifor UD ikkje let politiet ta over registreringsarbeidet frå UD tidlegare.
Ifølgje Huuse ønskte UD å gå gjennom materialet sitt meir før dei overleverte det til Kripos. Det kom også fram at politiet jobba med eigne lister over sakna før dei formelt overtok UD sine lister.
Aftenposten si måndagsutgåve skriv at politiet ønskte å overta registreringa av sakna tidlegare. Grunnen skal ha vore at politiet meinte UD var uprofesjonelle, men UD skal ha nekta. Men utanriksminister Jan Petersen avviser at det har vore usemje mellom politiet og UD før politiet overtok torsdag.
- Det har ikkje vore noko usemje mellom oss om dette. Det har heile tida vore klart at registreringa måtte over til politiet, spørsmålet er på kva tidspunkt. Vi valde altså å ta det over frå torsdagen, om svaret skulle vore onsdag eller fredag, det får ein ta stilling til seinare. Men det inntrykket som Aftenposten forsøkte å skape det var at det har vore ein strid mellom oss, det har det ikkje vore, seier Petersen.
- Tala har vore usikre
Utanriksministeren seier at han heile tida har understreka at UD sine tal på sakna var svært usikre.
- Vi har på eitkvart tidspunkt presisert kor usikre tala er, og korleis dei har kome fram. Det har det vore ulike tolkingar av. For meg som har site med daglege pressekonferansar kan de leggje merke til kor forsiktig eg har vore med tal i det heile tatt, seier Petersen, som meiner UD sin kapasitet har vore god nok.
Også politidirektør Ingelin Killengreen avviser at politiet har sett fram krav om å få ta over registreringsarbeidet frå UD.
Vil evaluere innsatsen
Utanriksminister Jan Petersen seier no at regjeringa sin innsats skal evaluerast grundig, men at han ikkje har teke stilling til kven som skal gjere dette og kva form evalueringa skal få.
Dei siste dagane har Kripos lagt ned eit omfattande arbeid for å komme fram til ei mest mogeleg korrekt liste.
- Vi har fått informasjon frå politidistrikta, pårørande, publikum, reiseselskap, forsikringsselskap og UD. Det har vore mellom 20 og 40 personar kontinuerleg i drift hos Kripos, fortel politiinspektør Petter Dyhre.