Hopp til innhold

Facebook kan ha gitt andre tilgang til dine private meldingar

Har du nokon gong følt Spotify har skjønt kva musikk du vil høyre på, eller at Netflix plutseleg har føreslått at du bør sjå serien som du nettopp chatta om? Nye interne Facebook-dokument viser at det kan ha ei forklaring.

FAcebook

Nye dokument viser at Facebook kan ha delt langt meir informasjon enn tidlegare kjent. Dine private meldingar i Messenger kan ha blitt delt med Netflix og Spotify.

Foto: DADO RUVIC / Reuters

Netflix og Spotify har kunne lese dine private Facebook-meldingar, og søkemotoren Bing har kunne sjå kven du har som Facebook-vener. Mens handelsnettstaden Amazon kunne få tak i ditt brukarnamn og kontaktinformasjon gjennom dine Facebook-vener.

Marknadsføring er målet

Alt dette kjem fram i interne Facebook-dokument som New York Times har fått lese. Dokumenta er på fleire hundre sider, og viser altså at Facebook i årevis har gitt persondata vidare til nokre av verdas største teknologiselskap.

Facebook har i dag kome med eit tilsvar der dei forklarer si side av saka. Der skriv dei mellom anna at den delte informasjonen handlar om informasjon som er delt når ein brukar har aktivert Facebook si meldingsteneste inne i ein partnar sin applikasjon. Det er ikkje snakk om at Facebook skal ha gitt fri tilgang til meldingar, understreker selskapet.

Facebook bruker Spotify som eit døme. Ein brukar som har aktivert API (Application Programming Interface), ein programvare som skal gjere det enklare for applikasjonar saman, i Spotify kunne logge på Facebook inne i Spotify-appen.

Alt dette er laga for at det skulle vere enklare å sende meldingar frå Spotify-appen. Men for at dette skulle fungere fekk Spotify altså tilgang til Facebook-brukaren sine tidlegare meldingar då tenesta vart aktivert.

Det er ein kjent sak at ein Facebook-brukar godtek at selskapet samlar opp mykje informasjon om deg. Denne informasjonen blir igjen brukt til å skreddarsy annonsar som kan rettast inn mot deg.

Fordelen med dette er at det kan gje deg ei betre brukaroppleving, mens baksida er at du ikkje heilt veit kven du deler all informasjonen med, og det er umogleg å vite kva informasjon du faktisk deler.

Kan ha feilinformert

Dei nye avlsøringane viser at Facebook kan ha delt meir informasjon enn det du har godkjent at du vil dele. Avsløringane gjev ei god innsikt i korleis det sosiale nettsamfunnet har tenkt om deling av persondata, og den viser også korleis Facebook kan ha feilinformert omverda.

Seinast i sommar skal Yahoo ha fått tilgang til å sjå av nyheitsveggen der venners ulike Facebook-postar hamnar. Det har i så fall skjedd fleire år etter at Facebook påstod at dei hadde slutta å dele slik informasjon.

Målet med delinga av persondataen har vore å skape gjensidig vekst hos dei ulike selskapa ved at det vert enklare å bruke dei ulike tenestene saman. Eit slikt samarbeid gjer det mogleg for selskap som Netflix og Amazon å tilpasse seg Facebook betre, samtidig som Facebook får fleire brukarar og dermed også meir annonseinntekter.

– En av tingene vi har utviklet er muligheten til å kunne anbefale TV-serier og filmer til venner via Facebook og Messenger. Det ble ikke så populært, og vi fjernet det året etter, i 2015. Vi har aldri hatt tilgang til brukeres private meldinger på Facebook, sier en talsperson i Netflix.

Mark Zuckerberg i Facebook

Facebook, her representert ved sjef Mark Zuckerberg, har vore i hardt vêr den siste tida. Selskapet er kritisert for dårleg behandling av brukardata.

Foto: Stephen Lam / Reuters

Fleire kritiske Facebook-saker

Facebook har vore i hardt vêr den siste tida, spesielt etter at analyseselskapet Cambridge Analytica samla inn og misbrukte informasjon frå 50 millionar Facebook-brukarar.

Det har også vore fleire saker om mogleg utanlandsk påverknad på det amerikanske presidentvalet, og at Facebook då kan ha blitt brukt til å påverke veljarane.

Facebooks grunnleggjar, Mark Zuckerberg, sa i april at Facebook sine brukarar har full kontroll over alt dei deler på Facebook. Men desse avsløringane, i tillegg til samtaler med rundt 50 tidlegare tilsette i selskapet, viser at Facebook likevel har gitt enkelte selskap tilgang til brukarinformasjon trass dei tidlegare lovnadane.

Ein tidlegare versjon av saka er i ettertid oppdatert med tilsvar frå Facebook.

SISTE NYTT

Siste nytt