Hopp til innhold

Evakueringa av Aust-Aleppo er i gang

Dei fyrste bussane har forlate Aust-Aleppo og er på veg mot opprørskontrollerte område vest for Aleppo.

Bussar som skal delta i evakuering i Aleppo.

Dei grøne bussane er på plass igjen i Aleppo for å delta i evakueringa frå dei opprørskontrollerte områda.

Foto: Omar Sanadiki / Reuters

Situasjonen omkring evakueringa er usikker, og det er vanskeleg å få ut uavhengig informasjon frå den krigsherja millionbyen. Men det kjem stadig fleire meldingar på at evakueringa er i gang. AFP og Reuters melder at dei fyrste har forlatt Aust-Aleppo. Augevitne har sett minst 10 ambulansar forlata området, etterfulgt av grøne bussar.

Klokka 14.30 var det ikkje kome nokre meldingar om at det skal ha vore nokre problem i samband med evakueringa.

Også russerane melder dette, mens direktesendt syrisk fjernsyn viser bilete av ei kolonne med køyretøy som skal vera på veg gjennom det Assad-kontrollerte området av Aleppo, før bussande skal vestover til område som opprørarar kontrollerer.

Syriske styresmakter melder at det er barn, kvinner og skadde som er dei fyrste som blir evakuerte, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Det statlege syriske fjernsynet melder at 4000 opprørarar og familiane deira no skal evakuerast frå område som opprørarane framleis kontrollerer i Aust-Aleppo.

Nye kampar i Aleppo.

Dei syriske regjeringsstyrkane rykte også i går fram til nye område i Aust-Aleppo.

Foto: George Ourfalian / AFP

- Russland skal sikra at ingen blir skadd

Jan Egeland, FNs Syria-rådgivar, seier ifølgje Reuters at dei evakuerte vil kunne bli frakta til Idlib-provinsen, eller i nokre tilfelle Tyrkia.

- Russland har stadfesta at dei vil overvaka evakueringa og at ingen av dei som blir evakuerte skal bli skadd.

FN melder at dei ikkje har fått lov til å delta i evakueringa.

Kjelder hos opprørarane seier at militssoldatar som støttar regjeringsstyrkane tidlegare i dag skaut mot ambulansar som evakuerte såra. Tre personar skal vere såra, blant dei ein hjelpearbeidar. Meldinga er ikkje stadfesta av andre kjelder.

Uklar melding om eksplosjonar

Litt før klokka 13 kom det melding om eksplosjonar i delen av Aleppo som er kontrollert av regimet. Det melder Reuters og siterer ein statleg syrisk TV-kanal.

Dette er ikkje stadfesta av andre kjelder. Og Reuters melder og at ein person som bor i nærleiken ikkje har høyrt nokre eksplosjonar i dag.

Røde Kors hjelper til

Norske Ola Ulmo representerer norske Røde Kors i Syria med base i Damaskus. Han stadfestar overfor NRK at Røde Kors, saman med syriske Raude Halvmåne, har starta evakuering av såra frå Aust-Aleppo ved hjelp av 10 ambulansar og 20 bussar. Dei har fått i oppdrag i første omgang å hente ut 250 såra.

Syriske styresmakter seier litt etter klokka 14 norsk tid at nesten 1000 til saman er evakuerte ut av Aust-Aleppo.

Ulmo frå Røde Kors seier at dei har høyrt at det er skote mot ambulansane, men at han førebels ikkje kan stadfeste meldinga. Han seier at dei er svært uroa for både dei tilsette og dei frivillige som deltek i evakueringa.

– Det er eit problem at det er så mange grupper på kvar side i denne konflikten, slik at det alltid er nokon som har interesse av å sabotere ein avtale. No blir det spennande å sjå korleis dette utviklar seg utover dagen og i dagane som kjem, seier den norske Røde Kors-utsendingen.

Ola Ulmo i Syria.

Ola Ulmo er utsending frå Røde Kors i Noreg til Syria.

Han fortel at Røde Kors saman med Raude Halvmåne i Syria har kapasitet til å gjennomføre evakueringa av Aleppo, men at det vil ta tid. Det er snakk om fleire tusen personar som har behov for hjelp. I første omgang gjeld avtalen dei har med partane evakuering av såra og væpna opprørarar.

FNs Syria-rådgivar Jan Egeland seier til Reuters at over tusen, kanskje fleire tusen menneske skal evakuerast, og at dei 250 som no blir evakuert, berre er starten.

25 lastebiler med nødhjelp krysser inn i Syria fra Tyrkia ved grensestasjonen i Cilvegozu.

Vanskeleg evakuering

– Det er viktig for å få til ei våpenkvile i Aleppo, seier han.

Ulmo seier at dei væpna personane skal transporterast frå dei opprørskontrollerte områda i Aust-Aleppo, gjennom regjeringskontrollerte område til område på landsbygda i Idlib-provinsen som er kontrollerte av opprørarane.

Han seier at helsesituasjonen i Aust-Aleppo er alarmerande, og at tilgangen på krisehjelp er neste heilt borte. Han fortel at berre to helsesenter er delvis operative, og det er også store problem med vass- og straumforsyninga. Det er lite mat å oppdrive.

Jan Egeland

FNs sjef for menneskerettar, Jan Egeland, stadfestar at evakueringa er i gang i Aleppo.

Foto: NRK

FN-rådgjevar Jan Egeland seier at evakueringa frå Aust-Aleppo er i gang, men at det har vore «tryggings-episodar».

Egeland er litt optimist

Han uttrykkjer overfor Reuters ein viss optimisme om at evakueringa denne gongen kan gå bra. Han fortel at Russland no har bede FN om hjelp i Aleppo, men han seier samstundes at denne førespurnaden har kome altfor seint.

Ein tenestemann i ei militsgruppe som støttar dei syriske regjeringsstyrkane seier til nyheitsbyrået AFP at det er inngått ein avtale om at rundt 15.000 menneske skal evakuerast frå dei to sjiamuslimske landsbyane Foua og Kefraya, samstundes som evakueringa frå Aleppo blir sett i verk.

Like etter klokka 12 norsk tid køyrde 29 ambulansar med medisinsk personell inn i desse landsbyane for å evakuere såra.

Det tyske nyheitsbyrået DPA melder at sivile, såra og sjuke har samla seg i gatene i Aust-Aleppo i håp om å bli evakuerte.

Nye kampar i Aleppo.

Det var roleg i Aleppo nokre timar i går, men no rasar kampane igjen. Her får ei såra kvinne hjelp.

Foto: George Ourfalian / AFP

– På Putins ordre

Ein talsmann for det russiske forsvarsdepartementet seier at russiske soldatar skal delta i arbeidet med å evakuere opprørarar ut frå Aleppo, og at dette skjer på direkte ordre frå president Vladimir Putin.

Han seier også at Russland overvaker evakueringsoperasjonen i Aleppo ved hjelp av dronar.

Talsmannen gjer det også klart at opprørarane som blir evakuerte frå Aleppo, skal til byen Idlib. Transporten skjer med 20 bussar og ti ambulansar, heiter det.

Ei kjelde hos opprørarane seier til Reuters at dei første ambulansane med såra har reist frå Aust-Aleppo, men at dei på veg ut vart skotne på av militssoldatar som støttar regjeringshæren.

TV-stasjonen Orient, som har støtta opprørarane, melder at tre personar vart såra i skytinga, blant dei ein hjelpearbeidar.

Evakueringen av sårede i Aleppo er nå igang

VIDEO: Sigurd Falkenberg Mikkelsen om situasjonen i Aleppo

Militssoldatar i Aleppo.

Militssoldatar som kjempar på den syriske regjeringshæren si side kviler ved bålet etter at det i går var nye harde kampar i byen.

Foto: George Ourfalian / AFP

Avbraut evakuering onsdag

Også i går vart det inngått ein avtale om evakuering av sivile og opprørarar frå opprørskontrollerte bydelar, men dette kom aldri i gang. Over 30 grøne bussar stod klare til å hente flyktningar frå Aust-Aleppo i går, men det tynne håpet om våpenkvile og hjelp til sivile vart avløyst av nye harde kampar.

Fire spørsmål og svar om krigsdramaet i Aleppo

Norske Oddny i Aleppo: – Hørte du smellet av bomben nå nettopp?

Nye flyangrep i Aleppo – evakuering avlyst

aleppo-Idlib

SISTE NYTT

Siste nytt