Hopp til innhold

Evakuering i New York og New Jersey

Delar av New York og New Jersey blir evakuert grunna ein ny storm som er på veg inn mot dei to delstatane.

USA storm staten island

U.S. Marines driv med opprydding etter Sandy på Staten Island, som vart hardt råka av stormen. No er ein ny på veg og innbyggjarane oppfordra til å evakuere.

Foto: JOHN MOORE / Afp

New York og New Jersey vart begge hardt ramma av orkanen Sandy i førre veke, og eit nytt uvêr kom inn frå Atlanteren onsdag.

Ein sokalla «Nor'easter», eller ein nordaustleg storm, gjer at det er sett i gang evakuering i lågtliggjande område i dei to delstatane.

Samstundes er strender og parker stengt, og arbeid utandørs er innstilt.

I går oppfordra borgermeistaren i New York, Michael Bloomberg, alle innbyggjarar som bur i lågtliggjande og kystnære område, til å evakuere.

(Saka held fram)

New York storm

Folk leitar gjennom donerte klede medan vegen byrjar å bli oversumt under den nordaustlege stormen i Queens i New York.

Foto: SHANNON STAPLETON / Reuters

Stengde flyplassar

Uvêret har også ført til over tusen kanselleringar på flyplassar i området.

I New Jersey og New York er kring 650 000 heimar og bedrifter framleis utan straum, og no er folk redde for at enno fleire skal miste den.

Den nye stormen er ikkje like kraftig som Sandy, men han har ført med seg høge bølgjer og kraftig nedbør i kystområda.

Det er framleis restar av ting som vart øydelagde av Sandy i gatene. Folk blir oppfordra til å halde seg innandørs av frykt for at dette kan blåse rundt i den nye stormen.

SISTE NYTT

Siste nytt