NRK Meny
Normal

Eva Rausing funnen død i London

Den amerikanske kona til den svenske Tetrapak-arvingen Hans Kristian Rausing er funnen død i paret sitt luksushusvære i bydelen Belgravia i London.

Politifolk held vakt ved huset der Rausing vart funnen

Politifolk held vakt ved Cadogan Place i London, utanfor luksusheimen der Eva Rausing vart funnen død.

Foto: Leanne Rinne / Pa Photos

Britisk politi stadfestar dødsfallet tysdag kveld. Politiet saumfarte husværet og fann Rausing død etter ein narkotika -arrestasjon måndag denne veka, opplyser politiet ifølgje BBC.

Det er gjort ein førebels obduksjon av den avdøde. Dødsfallet blir etterforska som uforståeleg.

Den britiske avisa Mail Online melder at Eva Rausing (48) truleg har døydd av ein overdose. Mannen Hans Kristian Rausing skal vere arrestert for innehav av narkotika. Dei to har fire born saman.

Det var Rausing-familien som stod bak den verdskjende patenten Tetrapak, som har gjort familien til ein av dei rikaste i Sverige. Tetrapak-teknologien blir blant anna brukt i mat- og drikkekartongar over heile verda, som til dømes hos norske Tine.

Problem med narkotika

Familieformuen skal vere på rundt 5,4 milliardar britiske pund, rundt 50 milliardar norske kroner, skriv Mail Online.

Britiske aviser skriv at Eva Rausing var ei av dei rikaste kvinnene i Storbritannia.

Både Hans Kristian og Eva Rausing har tidlegare stått fram og fortalt om sine narkotikaproblem.

For fire år sidan vart Eva Rausing stansa då ho prøvde å smugle heroin og crack inn på den amerikanske ambassaden i London under eit arrangement der. Då gjorde politiet husransaking heime hos ekteparet, og då vart det gjort beslag av både crack, heroin og kokain, melder Dagens Nyheter .

Avvenningsklinikk

Avisa Expressen skriv at ekteparet møttest på ein avvenningsklinikk i USA, og at dei har gitt fleire millionar kroner til veldedige føremål, særleg til rusavvenning. Dei har saman bygd opp ein avvenningsklinikk på Barbados i Karibia.

Paret har også vore engasjerte i The Mentor, ein ideell organisasjon som arbeider mot rusmisbruk blant ungdom. Dronning Silvia av Sverige var ein av initiativtakarane til The Mentor.

Paret skal også ha vore gode vener med prins Charles. Ifølgje Expressen har han sagt at Hans Kristian Rausing er ein «heilt spesiell filantrop».

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt