Joly kan få nøkkelrolle i Frankrike

Etter at Eva Joly i dag blei Dei Grøne sin presidentkandidat, kan kandidaturet hennar vere ein fordel både for høgre- og venstresida.

Video Eva Joly kan få nøkkelrolle i Frankrike

Eva Joly kan få nøkkelrolle i Frankrike

Franck Orban

Franck Orban ved Universitetet i Oslo trur Eva Joly kan hjelpe både nasjonalistane og sosialistane.

Foto: Privat

I ettermiddag vart det endeleg klart. Norsk-franske Eva Joly vann kampen om å bli Frankrike sitt miljøparti, Dei Grøne, sin presidentkandidat.

Etter at stemmene no er talt opp, er det klart at Joly fekk 58 prosent av stemmene under primærvalet. Ho danka dermed ut motkandidaten, tv-stjerna og miljøkjendisen Nicolas Hulot, som måtte nøye seg med under 42 prosent.

Sjølv om partiet til den kjende korrupsjonsjegeren ikkje ligg så høgt på meiningsmålingane, spår mange at Joly vil ha ei nøkkelrolle i forhold til utfallet av presidentvalet i april 2012.

Overraska over sigeren

Dokotorgradsstipendiat ved Universitetet i Oslo, Franck Orban, er overraska over at Joly klarte å danke ut Hulot.

– Det var overraskande fordi han var ein såpass kjend mediefigur. Når ein går frå å jobbe i medieverda til den politiske verda, antek eg det er lettere å få kontakt med veljarane. Eva hadde ikkje same grad av legitimitet som Hulot.

Orban trur at Eva Joly sin fordel var at ho kom tidleg inn på bana, og jobba utrøtteleg i eitt år. Nicolas Hulot starta valkampen rett og slett for seint.

Han meiner Joly har lese neste års valkamp rett, ved at det kan kome ein stor konfrontasjon mellom høgresida og venstresida.

– Grunnlaget lagt i 2009

Sjef for samfunnsredaksjonen i Morgenbladet, Tove Gravdal, er derimot ikkje overraska over at Joly klarte å vinne primærvalet.

– Ho la grunnlaget for triumfen, og eg tykkjer ikkje dette er overraskande. Grunnlaget for sigeren vart lagt allereie i 2009 då partiet vann eit val med over 20 % av stemmene i ein av dei viktigaste valregionane i Frankrike. Joly bidrog sterkt til den suksessen.

Gravdal meiner Joly har fått mykje mediemerksemd i Frankrike og elles i Europa, og at ho difor ikkje er nokon outsider.

Står godt planta på venstresida

Det er ikkje noko tvil om kvar i det politiske landskapet Eva Joly står. Motstandaren Nicolas Hulot er ein moderat sentrumspolitikar når det gjeld økonomiske spørsmål, medan Eva Joly er plassert godt til venstre i det politiske landskapet. Franck Orban vil kalle ho radikal.

– Ho har ei klar forankring på den radikale venstresida. Ho vil ha mindre skatt på arbeid og meir på kapital. Ho vil også opprette 35 timars arbeidsveke. Så det er eit venstreprogram som mange vil kjenne seg igjen i, seier Orban.

Tone Gravdal er ikkje heilt samd i denne analysen.

– Eg meiner ikkje at ho er radikal. Ho ville nok sympatisert med SV i Noreg, men samtidig er ho ein sterk tilhengjar av EU. Eg trur heller ikkje den 67 år gamle Eva Joly vil gå inn for å senke pensjonsalderen til 60 år.

Joly er også kjend for å vere kritisk til sentralisert makt. Ho vil gi meir makt til nasjonalforsamlinga, og vil desentralisere makta i landet nedover til regionane og til EU-systemet. Mange i rørsla ho er ein del av vil gjerne at Frankrike skal gå over til den sjette republikk.

Den noverande femte republikken vart starta i 1958, etter Algerie-krisa og avkolonialiseringa.

Kan hjelpe både høgre- og venstresida

67-åringen frå Grünerløkka kan verte nyttig både for høgresida og venstresida i det franske presidentvalet om dryge ni månader.

Blir situasjonen blir slik som i 2002, kan Eva Joly faktisk kunne styrke høgresida. Då overraska nasjonalistpartiet Front National alle med å slå ut sosialistane sin kandidat. Ein splitting av stemmene på venstresida kan difor føre til at eit sterkt Front National dankar ut opposisjonen til venstre for Sarkozy.

– Dersom Le Pen får 17 prosent, og Joly får rundt 5 prosent av stemmene kan ho bli ein akilleshel for venstresida, difor forhindre at ein sosialist kjem i presidentstolen, seier Gravdal.

Tone Gravdal peikar på eit anna scenario som vil vere meir ønskeleg for Joly.

– Me kan få ein situasjon der Sarkozy blir president men at sosialistane styrar nasjonalforsamlinga. Difor kan det vere ein moglegheit for at Eva Joly kan bli statsråd.

Dei Grøne får mellom 7 og 9 prosent oppslutning, ifølgje ei nyleg publisert meiningsmåling i avisa Le Monde. Dette er ei bra måling, då partiet plar å ligge på ei oppslutning rundt 5 prosent.

Eva Joly må kjempe mot følgjande kandidatar for å kunne flytte inn i Elyséepalasset:

  • Marine Le Pen frå partiet Front National.
  • Francois Bayrou frå Mouvement démocrate.
  • Kampen om det franske sosialistpartiets presidentkandidatur ser ut til å stå mellom veteranene Francois Hollande og Martine Aubry.
  • Jean-Luc Melenchon frå kommunistpartiet.
  • Sittande president Nicolas Sarkozy er også venta å stille igjen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt