Hopp til innhold

Europa blir svidd under hetebølge: – Er på veg mot Noreg

Hetebølga kan medføre rekordvarme i Storbritannia og er den lengste Spania har målt. No er ho på veg mot Noreg.

Britain Weather Heatwave

HETE: Ein gut ligg på stranda i kystbyen Barry i Wales. Det er sendt ut raudt farevarsel for ekstrem hete i Storbritannia, der toppen er venta å bli nådd over helga.

Foto: Ben Birchall / AP

Ei hetebølge har ramma store delar av Europa denne veka, med temperaturar godt over 40 grader fleire stader.

Hetebølga ser ut til å nå sin topp i Sør-Europa i morgon, før ho deretter flyttar seg nordover mot Storbritannia til helga.

Det er over helga vêrsystemet kan sneie innom norskekysten.

– No ser det ut som vi får restane av denne hetebølga idet ho rører seg nordaustover, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Martin Granerød.

Det er ikkje venta ekstrem varme i Noreg, men det kan bli temperaturar opp mot 30 grader i Sør-Noreg på tysdag, seier meteorologen.

Hetebølge
Foto: Skjermdump / Meteorologisk Institutt

Storbritannia førebur seg for rekordvarme

I England og Wales har folk flokka seg til strendene dei siste dagane.

Enkelte stader har gradestokken nærma seg opp mot 35 grader, ikkje langt unna rekorden på 38,7 grader frå 2019.

England hete
Foto: Skjermdump / Met Office

Dei varmaste dagane er likevel i vente. Det meteorologiske instituttet i Storbritannia meiner det er 20 prosent sannsyn for at måndag kan vise den varmaste temperaturen i landets historie.

Instituttet har allereie sendt ut raudt farevarsel for hete, eit varsel som berre har nytta to gonger tidlegare, ifølge BBC.

Det er blitt observert at fuglar har svima av i lufta på grunn av heteslag.

Britain Weather

Storbritannia har opplevd varme dagar. Det er venta at hetebølga blir på sitt varmaste over helga.

Foto: Ben Birchall / AP

Den komande heten er frykta for å ramme kritisk infrastruktur og forårsake liv.

I London har borgarmeister Sadiq Khan aktivert protokollen for ekstremvêr for å verne om dei mest sårbare innbyggarane. Protokollen blir vanlegvis berre tatt i bruk under ekstrem kulde.

– Denne hetebølga kan bli farleg for alle, men for folk som bur under tøffe forhold er det større risiko, seier Khan til Sky News.

Britain Weather

Borgarmeisteren i London har aktivert protokollen for ekstremvêr. Vanlegvis blir protokollen nytta under ekstrem kulde.

Foto: Alberto Pezzali / AP

Spania: Lengste hetebølga som er målt

Lengre sør i Europa har temperaturane passert godt over 40 gradar i skuggen i fleire land dei siste dagane. Hetebølga er den andre på kontinentet på mindre enn ein månad.

I Spania er nesten heile landet ramma av heten, noko som er særs uvanleg.

Spain Heatwave

Ein hund i Andalusia forsøker å sløkke tørsten. Spanske meteorologar fortel at dette er den lengste hetebølga dei har målt.

Foto: Paul White / AP

Spanske meteorologar slår alarm om ekstremvarme i 16 av 17 regionar i landet. Det er berre Kanariøyane som ligg utanfor farevarselet.

– I Spania er det sendt ut røde farevarslar og venta temperaturar opp mot 44 grader enkelte stader, seier meteorolog Granerød.

Dei spanske meteorologane har aldri observert ei så lang hetebølge sidan dei byrja å føre slik statistikk i 1975, skriv NTB.

Spain Heatwave

Brannmannskap forsøker å sløkke ein skogbrann utanfor Madrid. Spania opplever sin andre hetebølge på under ein månad.

Foto: Bernat Armangue / AP

Hundrevis av skogbrannar

Det er venta at heten vil toppe seg i Frankrike og Spania på torsdag.

Frankrike har lagt ned forbod mot fyrverkeri på nasjonaldagen i eit forsøk på å redusere talet på skogbrannar i landet.

Med hete, tørke og kraftige vindkast, har det vore registrert hundrevis av skogbrannar fordelt over Portugal, Spania og Frankrike. I Frankrike er over 6.500 menneske evakuert frå kommunen Landiras sør for Bordeaux.

France Wildfires

Meir enn 800 brannfolk kjempar mot skogbrannane i regionen Gironde, sørvest i Frankrike.

Foto: AP

I Portugal er over 600 menneske evakuert og 120 personar under medisinsk behandling, skriv nyheitsbyrået AP. 2.300 brannfolk driv med sløkkearbeid.

I Portugal er 80 prosent av fastlandet under høg risiko, ifølge det meteorologiske instituttet i landet.

Firefighters watch a wildfire in Ourem

Brannmannskap sløkker ein skogbrann i Santarem nord for Lisboa. I Portugal er 80 prosent av fastlandet under høg risiko for skogbrann.

Foto: RODRIGO ANTUNES / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt