NRK Meny
Normal

EU med krisemøte om Ukraina – vurderer sanksjonar mot Russland

Fire personar skal i dag ha blitt drepne i eit luftangrep på grensa mellom Russland og Ukraina. Samstundes held ordkrigen mellom dei to landa fram, og EU kan i morgon vurdere sanksjonar mot Russland.

Ukraine

I byen Snizhne skal ein rakett ha øydelagd eit hus. Mannen på biletet skal ha mista kona si då huset deira vart angripe. Det er førebels uklart kven som står bak angrepet.

Foto: Dmitry Lovetsky / Ap

UKRAINE-RUSSIA-POLITICS-CRISIS-CRASH

I går vart eit militært ukrainsk transportfly skoten ned, og ukrainske styresmakter skuldar Russland for å ha ein finger med i spelet.

Foto: DOMINIQUE FAGET / Afp

Rakketane som landa ved den ukrainske byen Snizhne resulterte i fire drepne. Pro-russiske separatistar legg skulda på det ukrainske luftforsvaret, men det nektar ukrainske styresmakter for. Dei legg derimot skulda på separatistane og påstår at også Russland har hjelpt til i angrepet.

Det er førebels uklart kva russiske styresmakter meiner om skuldingane, men dei har tidlegare nekta for å hjelpe dei pro-russiske separatistane.

Munnhoggeriet er typisk for konflikten i Aust-Ukraina, som har vore prega av mykje propaganda frå begge sider.

Dei fire drepne er berre dei siste av fleire hundre menneske som har mista livet i konflikten mellom ukrainske styresmakter i pro-russiske separatistar aust i Ukraina.

Kan bli EU-sanksjonar

I morgon skal EU-leiarar møtast til eit krisemøte i Brussel, for å diskutere situasjonen i Aust-Ukraina. Då kan det bli aktuelt med sanksjonar mot Russland.

– Statsleiarar skal diskutere situasjonen på bakken, og gjere naudsynte avgjersler om det vert kravd, sa EU-kommissær Stefan Fuele i dag, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Under førre møte i juni åtvara EU med å sette i gang nye tiltak om ikkje dei pro-russiske opprørarane bidrog til å dempe krisa i Aust-Ukraina.

EU og Ukraina har blitt tette samarbeidspartnarar etter at Ukraina fekk ny regjering og ny president i Petro Porosjenko. Ved å kaste tidlegare president Viktor Janukovitsj frå presidentstolen, og innføre ny regjering tok Ukraina eit stort skritt bort frå den store naboen i aust, og eit skritt nærare EU.

Ukraina krev no at EU innfører strengare sanksjonar overfor Russland.

Meir enn 70.000 på flukt

Den siste tida har ukrainske styrker gjennomført ein offensiv mot separatistane og vunne tilbake kontrollen over fleire byer. Separatistane melder om fleire menneskeliv som har gått tapt, og Russland skuldar Ukraina for å skyte rakettar inn på deira territorium.

Ukraina har svart på skuldingane og sagt at separatistane med vilje plasserer seg nær den russiske grensa slik at rakettar kan lande inne i Russland og provosere fram ei handling frå russiske styresmakter. I går sende Russland minst 10.000 soldatar til den ukrainske grensa.

Meir enn 70 menneske er drepne sidan fredag, og meir enn 70.000 menneske skal vere på flukt i Aust-Ukraina.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt