Hopp til innhold

EU-vennleg parti mot siger i Serbia

I Serbia syner dei fyrste valdagsmålingane at Det demokratiske partiet til president Boris Tadic går mot ein klar siger i parlamentsvalet.

Boris Tadic
Foto: IVAN MILUTINOVIC / REUTERS

Det betyr at Serbia truleg har valt den europeiske vegen.

Sjå: Kan få valg-overraskelse i Serbia

Val for eller mot EU

Valet sto mellom president Tadic sitt parti og støttepartiet hans og dei nasjonalistiske kreftene representert ved partiet til Tomislav Nikolic.

Tomislav Nikolic

Statsministerkandidat Tomislav Nikolic ved valurnene.

Foto: DARKO VOJINOVIC / AP

Sistnemnde har vore mest kritiske til EU fordi Unionen aksepterer at Kosovo har rive seg laust.

- Vi har ein avtale med FN om Kosovo frå 1999, ikkje med EU. EU er ikkje velkomne i Serbia, sa statsministerkandidat Tomislav Nikolic i det ytterleggåande Serbias radikale parti då han røysta i dag.

Ultranasjonalistane drøymer i tillegg om eit Stor-Serbia og dei vil ha tettare band til Russland.

President Tadic og hans allierte er meir vennleg innstilte til Europa.

Stor oppslutning

Vallokala stengde klokka åtte i kveld, og no syner dei fyrste uavhengige prognosane at blokka til Tadic får om lag 30 seter meir i nasjonalforsamlinga enn det ultranasjonalistiske partiet.

Det har vore stor oppslutning om valet, som har vorte sett på som ei folkeavrøysting om Serbia sitt framtidige forhold til EU.

SISTE NYTT

Siste nytt