Hopp til innhold

EU reknar gass og kjernekraft som berekraftige investeringar

Fleirtalet i EU-parlamentet godkjende i dag gass og kjernekraft som berekraftige investeringar. – Det sender ut eit uheldig signal, meiner nestleiar i MDG.

Ein arbeidar på eit gasskraftverk i Vadu i Romania gjer ein rutinesjekk. Kraftverket brukar gasressursar frå Svartehavet. EU

MERKA BEREKRAFTIG: Gass-industrien vil framleis bli stempla som berekraftig av EU. Unionen forsøker å gjera seg mindre avhengig av russisk gas etter den russiske invasjonen av Ukraina. Bilde er frå eit kraftverk i Vadu, Romania.

Foto: ANDREI PUNGOVSCHI / AFP

CO₂ i atmosfæren
419,7 ppm
1,5-gradersmålet
+1,08 °C
Les mer  om klima

Parlamentet har dermed godkjend forslaget frå EU-kommisjonen om å inkludera visse tilfelle av gass og kjernekraft i EU-taksonomien.

Denne taksonomien viser kva næringar og industriar EU reknar som berekraftige med tanke på klima og miljø.

– Det betyr at energiselskap som driv med gass og kjernekraft kan få lån av banker som er opptekne av grøne investeringar. Då blir det lettare for desse selskapa å finansiera aktivitetane sine i framtida.

Det fortel forskingsleiar for klima- og energipolitikk ved Fridtjof Nansens institutt, Lars Gulbrandsen.

Desse selskapa vil dermed få eit fortrinn over til dømes kolselskapa, som har eit høgare CO₂-utslepp enn gass og kjernekraft.

Atomkraftverket i nærleiken av Leibstadt i Sveits. Eigd av selskapet Kernkraftwerk Leibstadt AG.

Atomkraftverket i nærleiken av Leibstadt i Sveits. Atomkraft er svært kontroversielt i deler av Europa, fortel Gulbransen.

Foto: ARND WIEGMANN / Reuters

MDG: – Uheldig signal

Forslaget parlamentet stemte over i dag, handla om å fjerne gass og kjernekraft frå lista over berekraftige investeringer.

278 representantar stemte for forslaget, 328 representantar stemte mot, og 33 avstod frå å stemme.

Nestleiar i Miljøpartiet dei grøne (MDG), Arild Hermstad, seier partiet er skuffa over at forslaget blei stemd ned.

– Det sender eit uheldig signal til omverda, for dette kan bidra til å forlenga avhengigheita av fossil energi i EU, seier Hermstad til NRK.

Gasskraftverk i Berlin, Tyskland.

Gasskraftverk i Berlin, Tyskland. Energiprisane i Europa har auka markant etter krigen i Ukraina braut ut.

Foto: Michael Sohn / AP

Han meiner klassifiseringa av gass som ei berekraftig investering kan føra til at EU ikkje når klimamåla sine.

På den andre sida, meiner han dette ikkje er ein siger for olje- og gasselskapa.

– Den gode nyheita her er at EU har stilt veldig strenge krav til å godkjenne gasskraftverk i taksonomien sin. Det inneber at dette ikkje skal bidra til noko storsatsing på gass frå EU si side.

– På lang sikt er jobben framleis å fase ut fossilt og få inn fornybart, seier Hermstad.

Arild Hermstad

Nestleiar i MDG, Arild Hermstad.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Blanda reaksjonar i Danmark

I Danmark, som er medlem av EU, er fleire politikarar misnøgde med avgjerda, melder DR.

Både politikarar frå Socialdemokratiet, Sosialistisk Folkeparti og danske Venstre, meiner avgjerda er eit nederlag for klimaet fordi gass blir rekna som berekraftig.

EU-parlamentarikar for det danske Høgre, Pernille Weiss, er på den andre sida nøgd med resultatet. Ho meiner både naturgass og kjernekraft er eit naudsynt skritt på vegen mot klimanøytralitet.

Reglane vil gjelde frå 2023, med mindre 20 av 27 medlemsland stemmer mot.

Medlemma av EU-parlamentet stemmer for å ha gass og kjernekraft på lista over berekraftige investeringar.

Medlemmene av EU-parlamentet stemmer over om EU skal ha gass og kjernekraft på lista over berekraftige investeringar på møtet i Strasbourg.

Foto: Jean-Francois Badias / AP

Betre reservekraft enn kol

Gulbrandsen trur gass får stå på lista, fordi det førar til mindre utslepp enn alternativet.

– Kan ein ikkje bruka gass, må ein bruka kull, og det er mykje meir forureinande og har mykje større CO₂-utslepp enn gass.

Fornybare energikjelder, som sol- og vindkraft, er ikkje like stabile energikjelder som fossile av naturlege årsaker.

– Når sola ikkje skin og vinden ikkje blåser, er ein avhengig av reservekraft for å balansera ut, slik at ein har tilgjengeleg energi.

Fram til det fornybare energinettverket er fullstendig utvikla, er ein derfor avhengig av alternative og meir stabile kjelder til energi.

Gulbrandsen ved Fridtjof Nansens institutt trur også det heng saman med situasjonen mellom Europa og Russland for tida.

Eit flyfoto av eit kullkraftverk i Austerriket, som opna igjen to år etter det blei stengd i frykt for mangel på gassleveranser frå Russland.

Kolkraftverket i Mellach i Austerrike opna nyleg igjen, to år etter det blei stengd i frykt for mangel på gassleveransar frå Russland.

Foto: JOE KLAMAR / AFP

Blir gassleveransen frå Russland kutta ut, vil det vera lettare å gå over til kol, dersom det ikkje er incentiv som gjer gass meir gunstig.

Kjernekraft er også eit kontroversielt tema i fleire europeiske land.

Sjølv om energikjelda er klimanøytral når det gjeld CO₂-utslepp, er folk skeptiske til atomavfall og sikkerheitsrisikoen knytt til radioaktivitet og ulykker.

SISTE NYTT

Siste nytt

Marko havnet i leirskredet: – Bilen bare fløy

Marko Mijatovic var på vei hjem da han svingte inn på E6. I det stummende mørket var det en avgrunn der veien skulle vært.

Slik delte leirskredet E6 i to

Ferske bilder fra kvikkleireskredet nær Göteborg viser hvor dramatisk det var natt til lørdag.