Hopp til innhold

EU ramma av alvorleg dataangrep

EU-kommisjonen er ramma av eit alvorleg dataangrep. Angrepet blir karakterisert som vedvarande og målretta, og har truleg samband med EU-toppmøtet i Brussel.

Datavirus

EU-kommisjonen er ramma av eit alvorleg dataangrep.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Dataangepet vart først oppdaga for to dagar sidan, og EU-kommisjonen har blant anna stengt den eksterne tilknytinga til epost og intranettet. Alle tilsette har fått beskjed om å endre passorda sine, for, som det heiter i ei intern melding til dei tilsette, å hindre at hemmeleg informasjon kjem på avvegar, melder Computerworld .

Alle har også fått beskjed om å sende sensitiv informasjon via krypterte epost-meldingar.

LES OGSÅ: – Portugal truer ikke EU-landenes økonomi

LES OGSÅ: Statsministeren i Portugal går av

EU-toppmøte i Brussel

Samanstøytar i Brussel 24.03.11.

Det var torsdag kraftige demonstrasjonar i samband med EU-toppmøtet i Brussel.

Foto: GEORGES GOBET / Afp

Angrepet mot EU-kommisjonen skjer samstundes med toppmøtet i EU i Brussel torsdag og fredag. Leiarane i EU-landa er samla for å ta viktige avgjerder når det gjeld den økonomiske politikken, krigen mot Libya og den framtidige strukturen i EU.

Det har vore spekulert i om Libya kan stå bak dataangrepet, men ein talsmann for EU-kommisjonen har avvist dette. Angrepet ser ut til å vere likt angrepet mot den franske regjeringa like før G20-toppmøtet i februar i fjor.

Talsmann Antony Gravili seier det ikkje er vits i å spekulere om kven som kan stå bak, men han stadfestar at angrepet har retta seg spesielt mot den delen av EU-kommisjonen som arbeider med utanrikspolitiske spørsmål.

Ikkje uvanleg

- Vi har sett i verk strakstiltak for å takle dette problemet, og det er starta etterforsking, seier Gravili. Han minner likevel om at dette ikkje er noko uvanleg, og at EU-kommisjonen ofte har blitt utsett for dataangrep. Han seier også at det ikkje er noko konkrete bevis på at angrepet har samband med EU-toppmøtet.

Det har vore store demonstrasjonar i samband med EU-toppmøtet i Brussel. Politiet brukte i dag vasskanonar mot maskerte og steinkastande ungdomar. Rundt 20.000 demonstrantar skal ha vore ute i gatene, og det kom til harde samanstøytar i sentrum av byen.

Demonstrasjonane torsdag vart organiserte av Den europeiske fagforeiningsføderasjonen. Parolane var blant anna nei til lønnskutt og kutt i pensjonar.

SISTE NYTT

Siste nytt