Hopp til innhold

EU-parlamentet boikottar Danmark

Ein maktkamp har utvikla seg i EU-systemet. EU-parlamentet har bestemt seg for å boikotte vidare forhandlingar med Danmark innanfor justisområdet, etter at dei vert haldne utanfor avgjersle om ny Schengen-avtale.

EU-flagg

MAKTKAMP I EU: Etter EU-landas framferd i arbeidet fram mot ein ny Schengen-avtale, har EU-parlamentet bestemt seg for å boikotte Danmark, som innehar formannskapet i EU.

Foto: E.C. / Scanpix

Morten Bødskov justiminister Danmark

MÅTTE TÅLE MASSIV KRITIKK: Danmarks justisminister Morten Bødskov måtte sitje og høyre på krass kritikk frå sine EU-kollegaer.

Foto: Socialdemokraterne

– De har øydelagd fellesskapens arbeidsmåte, rasa parlamentsmedlem Joseph Daul mot Danmarks justisminister Morten Bødskov.

Daul er leiaren for Det europeiske folkepartiet, den største partigruppa i parlamentet, og vreden var retta mot Danmark og deira justisminister fordi dei styrer EU-parlamentets formannskap i denne perioden.

Bakgrunnen for utbrotet er Danmarks framferd i ei sak som omhandlar det nye Schengen-samarbeidet. Med Danmark i spissen meiner medlemmene av parlamentet at dei vert haldne utanfor forhandlingar fram mot den nye Schengen-avtalen.

I tolvte time endra justisministrane for dei 27 EU-landa ordlyden i det nye Schengen-forslaget, som gjorde at EU-parlamentet berre vert eit rådgjevande organ i denne saka. Dei ville derimot vere med på å ta avgjersla over avtalen, og kjenner seg førte bak lyset.

Ynskte full boikott av danskane

– Det er faktisk ei skam. Pressemeldinga som Danmark publiserte berre minutt før dette debattmøtet er skrive på dansk, og i den kan me lese at avtalen er bygd på grundig dialog med EU-parlamentet, seier parlamentsmedlem Guy Verhofstadt, og held fram:

– Men me lever i det 21. århundret. Dagens samfunn er ikkje basert på dialog, men på samarbeid når vedtaka faktisk skal avgjerast.

Fleire av grupperingane ville setje i gang ein full boikott av det danske formannskapet, men vart tvungne til å avgrense seg til justis- og rettsområdet. Det tyder at Danmark i praksis vil verte haldne utanfor i om lag ti saker som skal opp til diskusjon i EU-parlamentet før formannskapet går vidare til Kypros i midten av juli.

SISTE NYTT

Siste nytt