NRK Meny
Normal

EU og Italia kranglar om Napoli-søppel

EU vil ikkje hjelpe Italia med å løyse søppelkrisa i Napoli, før landet oppfyller krava frå Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Søppelkrise i Napoli.

I mai fjort vart hæren sett inn for å rydde søppel i Napoli.

Foto: LUIGI DARINI / Afp

Under eit møte i Brussel i dag gjorde EUs miljøkommissær Janez Potocknik det klart at EU er klar til å hjelpe Italia, men ikkje før landet rettar seg etter dommen i menneskerettsdomstolen, melder det italienske nyheitsbyrået ANSA.

EUs menneskerettsdomstol

EUs miljøkommissær Janez Potocknik og Italias miljøvernminister Corrado Clini (t.v.)

EUs miljøkommissær Janez Potocknik (t.h.) og Italias miljøvernminister Corrado Clini heldt ein felles pressekonferanse i Brussel i dag.

Foto: GEORGES GOBET / Afp

Det var 10. januar i år at domstolen kom med kraftig kritikk av Italia for handteringa av søppelkrisa i Campania-regionen, og kravde strakstiltak for å få slutt på den utolelege situasjonen for innbyggjarane.

Italienske styresmakter sende eit brev til EU-kommisjonen tidlegare denne månaden der dei nemner ein del tiltak som skal løyse krisa, blant anna å frakte søppelet til andre regionar.

Men Janez Potocknik gjorde det klart overfor Italias miljøvernminister Corrado Clinin i dag at EU er klar til å vere med på finansieringa av tiltak for å få slutt på søppelkrisa, men at landet hittil ikkje har gjort nok.

LES OGSÅ: Skrinlegger søppelimport fra Napoli

LES OGSÅ: Frykter at søppel-penger havner hos italiensk mafia

Mareritt for innbyggjarane

Søppelkrisa i Napoli og området rundt har vore eit mareritt for innbyggjarane der i

Søppelkrise i Italia

Søppelkrisa har ridd Napoli-området som ei mare dei siste åra.

Foto: SALVATORE LAPORTA / AP

fleire år. Det er gjort fleire forsøk på å betre situasjonen, blant anna sette statsminister Silvio Berlusconi inn hæren for å fjerne søppel.

Men etter nokre få dagar har gatene vore fulle av søppel igjen, og situasjonen har vore like ille.

Det var eit ektepar i byen Somma Vesuviana like utanfor Napoli som tok saka inn for EUs menneskerettsdomstol. Dei peika på at deira menneskerettar har vore brotne av italienske styresmakter heilt sidan søppelet byrja å hope seg opp rundt heimen deira så langt tilbake som i 1994.

Mafiaen tungt inne i søppel

Søppelkrise i Napoli

Brenning av søppelet i gatene har ført til giftig røyk, og mange har blitt sjuke.

Foto: Reuters

Det er ei kjent sak at den napolitanske mafiaen, Camorra, har meir enn ein finger med i spelet rundt søppelkrisa i området. Mafiaorganisasjonen kontrollerer dei fleste delane av søppelhandteringa, frå henting av søppel til drifta av dei store forbrenningsanlegga.

Det har fleire gonger vorte avslørt at søppelfyllingane og forbrenningsanlegga har vorte fylte opp av ulovleg og giftig avfall frå andre stader i Italia, slik at det ikkje har vore plass til det lokale søppelet .

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt