Hopp til innhold

Facebook får refs – EU fryktar falske nyheter før parlamentsval

For lite, for seint. EU meiner teknologikjempene er trege i kampen mot falske nyheter.

FILES-BRITAIN-US-IT-POLITICS-FACEBOOK

Nytilsett PR-sjef i Facebook, Nick Clegg, får kritikk av EU.

Foto: CHRIS J RATCLIFFE / AFP

– Selektiv, ujevn og lukka. Det er teknologiselskapa si haldning til falske nyheter, meiner EU-kommissær for tryggleik Julian King, ifølge den britiske avisa The Guardian. Hardast er kritikken av Facebook.

Brexit og USA-val skremmer

EU-toppanes mareritt er at EU-parlamentsvalet i mai skal bli manipulert av falske nyheter i sosiale medier. Erfaringar med manipulering i Brexit-avstemminga og det amerikanske presidentvalet skal ha sett skrekken i EU-systemet.

Facebook, Twitter og Google er blant selskapa som har signert ein frivillig avtale om tiltak mot falske nyheter før EU-parlamentsvalet i mai. I avtalen heiter det at selskapa skal hindre betaling til websider som distribuerer falske nyheter, slå ned på falske kontoar, gi forrang til pålitelege nyhetskjelder og vere åpnare om finansiering av politisk reklame.

No har selskapa utarbeidd ein første rapport om korleis dei etterlever avtalen. Rapporten viser at dei store tech-selskapa tar for lett på dette, meiner kommisjonen.

– Vi må få opp farten, seier EU-kommissær King, ifølge The Guardian.

Belgium EU Fake News

EU-kommissær Julian King fryktar falske nyheter i EU-val.

Foto: Francisco Seco / AP

Tidlegare britisk visestatsminister i front

Facebook freista å kome på offensiven denne veka då dei lanserte ideen om eit kommandosentral mot falske nyheter lokalisert i den irske hovudstaden Dublin. Det var den nye globale PR-sjefen i Facebook, britanes tidlegare visestatsminister Nick Clegg, som lanserte det nye initiativet.

– Eg ønskjer Nick Clegg lukke til, det vil han trenge, var EU-kommisjonær Kings lakoniske kommentar, ifølge avisa. Han ønskjer initiativet frå Facebook velkomen men gir tydeleg uttrykk for at han meiner det er for spinkelt. Mellom anna er King misnøgd med at EU ikkje får tilgang til Facebooks data.

– Det ville vore betre om dei kunne rapportert sine funn direkte til oss, seier King til The Guardian.

– Facebook samarbeider med uanghengige faktasjekkarar og det er bra. Men dette er noko dei gjer i sju av EUs medlemsland. Selskapet bør gjere dette i alle EUs medlemsland.

FACEBOOK-ELECTION/
Foto: Dado Ruvic / Reuters

Framgang, men for seint

Når det gjeld dei andre techselskapa, viser rapporten at Google har gjort framgang mellom anna i kampen mot falske kontoar. Men det er skjedd lite for å sørge for at pålitelege nyhetsleverandørar får prioritet. Også Twitter har gjort ein viss framgang i å hindre useriøse aktørar, men ikkje nok.

– Men vi er framleis bekymra for tempoet, seier EU-kommissær Julian King, ifølge The Guardian.

Framgangen må kome raskare. Vi har ikkje råd til å vakne etter valet å oppdage at vi skulle gjort meir. Vi må handle no.