Hopp til innhold

EU kallar inn til krisemøte om flyktningar

Flyktningkrisa i Europa har nådd «uante proporsjonar», meiner presidentskapen i EU som no har kalla inn ministrane i alle medlemslanda til eit ekstraordinært møte.

Syriske flyktningar og migrantar ved registreringsleir i Presevo, Serbia

Så langt i år har fleire enn 300.000 flyktningar og migrantar kryssa Middelhavet, ifølgje UNHCR. I heile fjor var talet på 219.000.

Foto: ARIS MESSINIS / Afp

Berre i løpet av juli nådde 107.500 migrantar og flyktningar EU sine grenser. Luxemburg, som nyleg tok over presidentskapen i unionen, meiner flyktningkrisa no har nådd «uante proporsjonar».

Innanriks- og justisministrane i alle dei 28 medlemslanda er difor kalla inn til eit krisemøte i Brussel den 14. september for å diskutera korleis dei kan styrkja Europa si handtering av den auka straumen av flyktningar.

Laster Twitter-innhold

Skjerpar grensekontrollen og etterlyser EU-plan

EU har den siste tida fått kritikk frå fleire hald for eit mangelfullt lovverk og utilstrekkelege tilnærmingar til flyktningkrisa i Europa.

Vest-Balkan har blitt ei av hovudrutene for flyktningar og migrantar inn til EU, og Serbia og Makedonia har gått saman om å krevja at EU kjem opp med ein felles plan.

I andre land er nasjonalistiske og innvandringskritiske rørsler på frammarsj, og politikarane strammar inn asylpolitikken og skjerpar grensekontrollen.

Ifølgje Reuters skal det ekstraordinære EU-møtet i september i all hovudsak dreia seg om politikken rundt returnering av migrantar og tiltak i kampen mot menneskehandel.

Flyktninger ved grensegjerde i Ungarn

Ungarn har sete opp eit piggtrådgjerde ved sine grenser i forsøk på å stoppa flyktningar og migrantar frå å ta seg inn i landet.

Foto: Darko Bandic / Ap

Vil ha «hot spots» i Hellas og Italia

I Tyskland ventar styresmaktene at talet på flyktningar som kjem til landet i år når 800.000 – ei firedobling frå i fjor. Den tyske innanriksministeren Thomas de Maiziere åtvarar om at desse tala blir like høge i åra framover, vil det bli «for mykje for Tyskland».

I forkant av det varsla krisemøtet har Tyskland, saman med Frankrike og Storbritannia, teke til ordet for at det blir oppretta «hot spots» i Hellas og Italia før året er omme, postar for registrering med fingeravtrykk og rask identifisering av dei med eit reelt behov for vern.

Den tyske statsministeren Angela Merkel understrekar at det hastar å få på plass eit meir effektivt system før vinteren kjem.

– Me må alle gi beskjed til dei som ikkje er i naud at dei ikkje kan bli verande hos oss, slik at me kan hjelpa dei som verkeleg treng det, sa den tyske statsministeren Angela Merkel i ein tale i Berlin søndag.

Så langt i år har minst 2500 flyktningar omkome i forsøket på å flykta frå krig, undertrykking og fattigdom i Syria og andre stader i Midtausten og i Afrika.

Berre i løpet av helga redda den italienske kystvakta 1600 menneske i Middelhavet.

SISTE NYTT

Siste nytt