Hopp til innhold

EU godkjenner mobilbruk på fly

EU-kommisjonen har opna for at du kan bruke mobil på fly i Europa.

Mobil
Foto: Marja Airio / Scanpix

Avgjerda inneber at det vert lovleg å snakke i mobil under flyturen så lenge flyet er over 3000 meters høgd.

No er det opp til kvart enkelt flyselskap å avgjere om dei vil tilby dei reisande mobildekning på sine turar.

- Bør ikkje forstyrre

Viviane Reding, som er EU-kommisjonær for telekommunikasjon, oppmodar flyselskap og mobiloperatørar til å sikre at dei som ønskjer å bruke mobiltelefon på flyet ikkje forstyrrar andre passasjerar.

Ho åtvarar også mobiloperatørane om at EU-kommisjonen kjem til å passe på at ikkje prisane på mobilbruken tek av.

- Dersom forbrukarane får sjokkrekningar vert ikkje tenesta nokon suksess, seier ho.

Air France leier an

Planen er å installere små mobiltelefonbasar i flya. Desse skal slåast på etter take-off og vil sende signal til bakkebundne nettverk via satelittar.

Tenesta vil slutte å fungere så snart flyet reiser frå europeisk luftrom.

Flyselskapet Air France har meldt at det truleg kjem til å tilby tenesta allereie om eit par veker.

Det tyske flyselskapet Lufthansa er meir skeptisk til å tillate mobilbruk.

- Undersøkingar syner at eit fleirtal av kundane er imot det. Folk vil ikkje verte forstyrra, seier Lufthansas talsmann Jan Baerwalde til nyhendebyrået AP.

SISTE NYTT

Siste nytt