Pengane frå EU skal gå til husrom, mat, reint vatn, medisinsk hjelp og anna naudsynt hjelp, opplyser presidenten i EU-kommisjonen, Jean Paul Juncker. I underkant av to milliardar kroner er avsett til å betre situasjonen for flyktningane i år, medan resten av pengane skal brukast i 2017 og 2018.
Dette er første gong EU løyver pengar til krisehjelp innanfor eigne grenser.
Alvorleg i Hellas
Situasjonen er spesielt alvorleg i Hellas. Det er no 25.000 flyktningar og migrantar i landet, og talet aukar frå dag til dag. Rundt 10.000 ventar på å sleppe over grensa til Makedonia ved overgangen Idomeni. Dei ynskjer å kome seg nordover i Europa, men
.Makedonia har bygd eit gigantisk piggtrådgjerde for å hindre at nokon kjem over grensa ulovleg. Idomeni har gått frå å vere ein grenseovergang til å bli ein flyktningleir, utan at noko er lagt til rette for at det skal bu menneske der.
No er det sett langt over 1000 telt rundt om kring i området, og frivillige prøver å hjelpe så godt dei kan med mat, husly og medisin. Ei kvinne fortel at dei som frakta dei over havet frå Tyrkia til Hellas, sa at det ville vere enkelt å kome seg vidare nordover så snart dei hadde nådd Hellas.
– Kan bli vonde veker
– Vi er svært urolege for det som skjer, seier Jean Paul Juncker, og han er ikkje åleine om uroe seg.
Statsminister Erna Solberg (H) trur framleis at EU kan klare å løyse krisa, men innser at det kan bli vonde veker for dei som er stranda i Hellas framover.
– Det er dramatisk å sjå. Eg meiner det er mogleg å hindre ei full humanitær krise, men vi kjem til å sjå ein situasjon dei neste veke som ingen likar å sjå på europeisk jord, sa Solberg til NTB i Brussel tidlegare i dag.
– Vi har ti dagar på oss
Den greske EU-kommissæren Dimitris Avramopoulos meiner at EU no har ti dagar på seg til å stanse flyktningstraumen frå Tyrkia, før heile systemet kan bryte saman.
– Dei neste ti dagane treng vi synlege og klare resultat på bakken. Viss ikkje, er det risiko for at heile systemet bryt fullstendig saman, sa han på ein pressekonferanse i dag.
Samstundes kjem båt etter båt med flyktningar og migrantar sjøvegen til Hellas frå Tyrkia, og trafikken over Egearhavet er venta å auke på utover våren. Hellas har ikkje kapasitet til å handtere krisa utan omfattande hjelp frå andre EU-land