NRK Meny
Normal

Etterlyst krigsherre overgir seg etter sju år på rømmen

Den etterlyste kongolesiske opprørsleiaren Bosco Ntaganda, «The Terminator» overgav seg måndag til USA sin ambassade i Kigali i Rwanda.

Bosco Ntaganda

Bosco Ntaganda er sikta for krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja, blant anna drap på sivile,e tnisk reinsing, sexslaveri og bruk av barnesoldatar.

Foto: Alain Wandimoyi / Ap

Det var utanriksministeren i Rwanda, Louise Mushikiwabo, som måndag kunngjorde at Ntaganda tidleg om morgonen hadde meldt seg ved den amerikanske ambassaden i den rwandiske hovudstaden.

USA stadfestar i ettermiddag at mannen som har vore etterlyst i sju år har overgitt seg.

– Eg kan stadfesta at Bosco Ntaganda møtte opp på ambassaden i Kigali denne morgonen. Han spurde spesifikt om å bli utlevert til ICC i Haag, opplyser ein talsperson for amerikanske styresmakter.

– Har svært lett for å drepa folk

ICC mistenkjer generalen for å stå bak drap, valdtekter og tvangsverving av barnesoldatar til krigen aust i Kongo.

Ein person som i sin barndom kjempa side om side med Ntaganda har vitna i etterforskinga mot han. Vitnet omtalar opprørsleiaren som ein mann som har svært lett for å drepa folk.

Det er slike skildringar av ein kaldblodig, omsynslaus krigsherre som har gjort Ntaganda kjent under kallenamnet «The Terminator»

– Ntaganda er like farleg som Joseph Kony (ugandisk opprørsleiar; journ.merk.). Det er uakseptabelt å la han gå fritt rundt, som om han ikkje har gjort noko ulovleg, seier sjefaktor i ICC Fatou Bensouda til BBC.

Første arrestordre i 2006

Ntaganda er fødd i Rwanda. Han tok del i opprøret som styrta regimet bak folkemordet i Rwanda. Han var også med i den rwandiske hæren sin invasjon av dåverande Zaire (i dag DR Kongo) i 1996.

I etterkant har han hatt sentrale posisjonar i ulike opprørsgrupper i Kongo. FN slo i ein rapport i fjor haust fast at den berykta generalen var leiar for opprørshæren M23 som herja i Aust-Kongo. Ntaganda har sjølv avvist å ha hatt ei slik rolle.

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) sende først ut arrestordren i 2006, for rekruttering og bruk av barnesoldatar i ein strid i Ituri-området i Kongo.

I juli 2012 gjekk ICC ut med ein ny arrestordre på den tidlegare krigsherren, der siktinga blei utvida til også å gjelda fleire andre krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja, deriblant drap på sivile, etnisk reinsing og sexslaveri.

Bosco Ntaganda

General Bosco Ntaganda har vore etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag sidan 2006.

Foto: LIONEL HEALING / Afp

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt