Hopp til innhold

20 personar blei lotto-millionærar – no blir dei etterforska

Lottotrekninga i Sør-Afrika tysdag har ført til skuldingar om svindel. No etterforskar lotteritilsynet i landet trekninga etter at 20 personar vann over 3 millionar kroner kvar.

Lottotrekning

20 personar klarte å gjette den uvanlege lottorekkja i Sør-Afrika. No skal resultatet etterforskast. Illustrasjonsfoto.

Foto: PHILIP SEARS / Reuters

Tysdagens PowerBall-lotteri gav følgande vinnarrekke: 5, 6, 7, 8, 9 og 10, melder BBC. Det har ført til protestar.

20 personar hadde seks rette. Dei vann over 3 millionar kroner kvar. I tillegg var det 79 personar som bomma på det siste talet. Dei får utbetalt knappe 4.000 kroner kvar.

– Vi gratulerer kveldens 20 vinnarar. Nummerrekkja var uventa, men det er ikkje uvanleg at mange spelar slike rekker, skriv arrangøren Ithuba på Twitter:

Laster Twitter-innhold

Følgde ikkje råd

Dei heldige vinnarane valde å ikkje følge råda på heimesida til lotteriet:

– Seks etterfølgande nummer har aldri blitt trekt. Verken i statlege eller internasjonale lotto-spel. Det viser oversikter over 180 lottospel dei siste 50 åra. Også fem etterfølgande tal er svært uvanleg, står det på nettsida.

Den vanlegaste talrekkja å spele i Sør-Afrika er 1, 2, 3, 4, 5, 6, ifølge sida.

Fleire har uttrykt misnøye med trekninga på sosiale medium. Enkelte har også klaga på resultatet.

Lotteritilsynet i Sør-Afrika seier dei vil sjå nærare trekninga, som dei kallar eineståande.

Ein talsperson for tilsynet seier til BBC at dei vil kome tilbake med resultatet av etterforskinga på eit seinare tidspunkt.

SISTE NYTT

Siste nytt