Hopp til innhold

Etterforskar drap i Disney-by

Idealbyen til Walt Disney har fått si første drapssak.

Drap i Disney-by

I denne bustaden i Celebration fann politiet ein mann dei meiner er drepen.

Foto: John Raoux / Ap

Ein 58 år gamal mann er funnen død i sin eigen heim i byen Celebration i Florida.

Politiet har gjort funn i huset som gjer at dei meiner det er snakk om ei drapssak, melder CNN.

Det vil i så fall vere det første drapet i historia til den 16 år gamle byen.

Idealet til Walt Disney

Celebration er konstruert som ein idealby etter mål frå sjølvaste Walt Disney.

Byen vart grunnlagt i 1994 og er bygd på det amerikanske idealet:

Null kriminalitet og berre glade menneske som kjenner alle.

Landsbyen ligg nokre få kilometer frå Disney World, som er ein av dei mest besøkte attraksjonane i verda.

Ingenting skummelt

– Det finst ikkje skumle ting her. Det er nettopp det ein skal unngå. Ingen skal vere til bry for kvarandre. Alt som kan vere vondt og vanskeleg eller kan tenkast å vere ubehageleg, det skal fjernast, sa Sveinung Berg Bentzrød i eit intervju med NRK P3 i fjor.

Bentzrød besøkte byen i 2004.

– Dei som kjem til byen får ei kjensle av at her er det noko spesielt. Det er ekstremt reint og ryddig, seier han.

Kriminalitet i Celebration

Politiet ber om hjelp til å løyse kriminalitet i byen. I gatene ligg brunt lauv, som skal vere importert til hausten.

Foto: John Raoux / Ap

Alt er kunstig

Celebration var kunstig frå dag ein. Han ligg på ei pute av jord og sand, ein halv meter over jordoverflata. Laguenen, kanalen, palmane og husa er bygde for å passe inn i eit Disney-univers.

Men det var ikkje berre hus og omgjevnader som skulle passe inn.

Samfunnet skulle byggjast rundt verdiar som fellesskap, utdanning, helse, teknologi og ei sterk heimekjensle.

Sentrum av Celebration

Sentrum av Celebration er plettfritt.

Foto: John Raoux / Ap

Disney på sitt mest «kosete»

I folketeljinga i år 2000 var folketalet 2736 personar, men ein reknar med at fleire enn 11.000 bur der i dag.

Byen presenterer seg som ein perfekt by å leve i. Folk bankar på døra og ber om at gardinene blir skifta om dei ikkje passar inn i nabolaget.

Dei importerer lauv som dei kan strø i gatene om hausten. Og dei har snø til jul, sjølv om det er 20 varmegrader ute.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt