Hopp til innhold

Er Kim Jong-un død?

Amerikansk etterretning har fått rapportar om at den nye leiaren i Nord-Korea, Kim Jong-un, er blitt drepen i Kina.

North Korea Kim Jong Un

Få bilete er tilgjengelege av Nord-Korea sin nye leiar, Kim Jong-un. Her besøker han ein marinebase.

Foto: Ap

Desse rapportane har skapt ein storm av rykte på sosiale media dei siste dagane. Men det er likevel lite som tyder på at rykta er sane.

Ein anonym tilsett i den amerikanske etterretninga sa til CNN at dei har aktivt etterforska rykta om at Kim var blitt drepen i om lag ei veke.

Skapte twitter-storm

CIA uttalte at dei var «relativt sikre» på at det berre var tomme rykte, og «slik samfunnet vårt er kan ein aldri vere 100 prosent sikre». Dette har vore nok til at rykteflaumen har eksplodert på sosiale nettstader som Twitter.

Rykta eskalerte etter at nokre augnevitne la merke til ein uvanleg stor samling med bilar utanfor den nordkoreanske ambassaden i Beijing. Situasjonen vart mistolka for å vere panikkarta, som igjen førte til rykta om døden til unge Kim.

Offisielle talspersonar i USA har tolka rykteflaumen som «eit kalkulert forsøk på å forstyrre den sørkoreanske økonomien ved å påstå at det nærmar seg eit kaos i nord».

Tidsskriftet The Diplomat skriv at det er ikkje heilt usannsynleg at Kim Jong-un kunne ha blitt drepen. Sidan han framleis berre er i 20-åra, og har ingen militær erfaring, er det mange som har ein grunn til å ønskje han død.

Storebror kritisk til Jong-un

Kim Jong-un til hest

Kim Jong-un figurerer på ein grå hest.

Foto: KRT / Reuters

Ein av dei som kan ha eit slikt motiv kan vere Kim Jon-un sin eldste halvbror, Kim Jong-nam. 40 år gamle Jong-nam vart spådd å vere avdøde Kim Jong-il sin mest sannsynlege etterfølgjar fram til 2001, då han vart arrestert i Japan med eit falskt pass. Sidan den gongen har han levd i eksil i Beijing og i Macao.

Dei siste åra har han blitt ein kjend kritikar til leiarskapen i Nord-Korea, og har stilt spørsmål ved Kim Jong-un sin kompetanse til å styre landet.