NRK Meny
Normal

Etterforskar studentopprør etter åtak på kongelege

Britisk politi har sett i gong ei massiv etterforsking etter at studentar i England gjekk til åtak på prins Charles og kona Camilla.

Angrepet på Prins Charles prega britiske aviser

Studentopprøret som i går råka Prins Charles og kona Camilla, prega i dag britiske aviser.

Foto: STRINGER / Afp

Målet med etterforskinga er å få svar på kven som var ansvarlege for dei valdelege opptøyane i London torsdag, skriv Sky News.

Prins Charles og kona Camilla var torsdag på veg til ei teaterframsyning i London då bilen deira blei bombardert med flasker, søppeldunkar og maling.

Kraftige studentopprør

Den siste tida har den britiske hovudstaden vore prega av kraftige student-demonstrasjonar.

Det er den britiske regjeringa sitt forslag om å tredobla studieavgiftene på engelske universitet, som får ungdommen til å tenna på alle pluggar.

Etterforskinga som no er sett i gong, vert koordinert av ei spesialeining innanfor Krimavdelinga, opplyser Metropolitan Police til Sky News.

Video Charles ble angrepet - se studentenes egen video

Sjå studentane sin eigen video frå åtaket på bilen til prins Charles og kona Camilla.

Statsministeren fordømmer

– Det kunne ha endt med tap av menneskeliv. Politiet viste stor sjølvbehersking ved ikkje å opna eld mot demonstrantane, sa ein politisjef etter at tusenvis av illsinte aksjonistar hadde sett den engelske hovudstaden på hovudet.

Den britiske statsministeren David Cameron har fordømt åtaket, og krev at oppviglarane som vandaliserte bilen, fleire bygningar og monument vert pågripne og straffa.

Cameron innrømmer at han er uroa over svikten i sikkerheita kring dei kongelege.

– Dette må me ta lærdom av, men først og framst må me syta for at dei personane som har oppført seg på slik ein skremmande måte vert innhenta av lovens lange arm.

APTOPIX Britain Tuition Tangle

Prins Charles og kona Camilla fekk seg ein støkk men kom uskadde frå opptøyane.

Foto: Matt Dunham / Ap

Hamna midt i bråket

Då den britiske regjeringa i går vedtok forslaget om å auka studieavgifta, oppstod det nye samanstøytar mellom politi og demonstrantar. Midt i desse tumultane hamna prins Charles og kona hans.

Bilen til det kongelege paret vart omringa av opprørarar medan dei køyrde gjennom Regent Street. Demonstrantane sparka i bildørene og knuste eitt av bilvindaugo.

Opprørarane skal ha ropa «off with their heads» (halshogg dei) då dei angreip bilen.

Spøkte etter sjokket

Prins Charles og Camilla var tydeleg sjokkerte, men kom uskadde frå åtaket dei blei utsett for på veg til til den årlege kongelege varietéframsyninga i London Palladium.

Ifølgje Sky News skal Camilla seinare på kvelden ha spøkt om hendinga.

– Det er en første gang for alt, skal ho ha skøyaraktig ha uttalt på veg heim frå teateret.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt