Dei to første månadane i år, vart tusen born drepne i Syria, melder FNs barnefond Unicef.
Og 2017 var det dødelegaste året for born i den syriske borgarkrigen. Det vart drepe 50 prosent fleire born, enn året før, i 2016.
Denne veka har borgarkrigen vart i sju år, og det ser ikkje ut til at kanonene vil stilne, snarare tvert imot. Og det er borna som må betale den høgste prisen, skriv Unicef.
I tillegg til dette meiner Unicef at rundt tre millionar born er truga av sprengstoff og blindgjengarar som ligg att på slagmarka.
KJEMPAR FOR LIVET: Eit barn har blitt skada av ei bombe i Afrin. I ein rapport frå Redd Barna blir det sagt at born blir råka hardare enn vaksne når tettbefolka område blir bomba. Skader frå granatar og våpen i andletet, hovudet, nakken og øvre del av kroppen, finn ein på 80 prosent av barnepasientar, medan talet er 31 prosent for vaksne pasientar.
Foto: AHMAD SHAFIE BILAL / AFPEin dyster statistikk
Unicef har samla saman følgjande tal, som viser kor farleg det er å vere barn i Syria:
- 3,3 millionar barn inne i Syria blir eksponerte for landminer, blindgjengarar og vegbomber.
- 80 prosent av skadane ein finn i flyktningleirar i Libanon og Jordan, kjem som følgje av krigshandlingar.
- Over 1,5 millionar menneske har blitt skada i krigen i Syria, 86.000 menneske har måtte amputere ei hand eller ein fot.
Ikkje berre bomber som er farlege
Redd barna fortel til NRK, at i skuggen av krigshandlingane lurer svolten. Det er stor matmangel både inne i Syria og i flyktningleirane i landa rundt.
I det omringa Aust-Ghouta kjem ikkje hjelpekonvoiane seg inn, og det har tidlegare vore meldt om hungersnaud.
SVOLT: Livet stod ikkje til å berge. Ein månad gamle Sahar Dofda vart ein månad gammal, inne i ein omringa drabantby til Damaskus.
Foto: AMER ALMOHIBANY / AFPI fjor skreiv NRK om babyen Sahar som svalt i hel i Aust-Ghouta. – Ho prøvde å gråte, men var for svak, sa fotografen Amer Almohibany til NRK.
Ein hjelpearbeidar som Redd Barna har vore i kontakt med fortel om ein gut som vart redd då han såg eit eple, ein annan prøvde å ete ein banan utan å skrelle den først.
Dei under sju år har aldri sett ein normal daglegvarebutikk.
Familiar i flyktningleirar i Tyrkia, Jordan, Irak og Libanon, har det også dårleg. Unicef seier det er for lite pengar til å forsyne alle med mat.
ANGST FOR BOMBER: Det er stille i bomberommet i Ghouta. Alarmen har gått, no må ein berre vente, og håpe at bombene ikkje klarar trenge gjennom murveggane.
Foto: APFN treng pengar
Det går føre seg no to store slag inne i Syria. I Aust-Ghouta, nær Damaskus, og i Afrin, nær den tyrkiske grensa. Unicef seier at dei berre har ressursar til å hjelpe halvparten av dei som treng det.
Sverige og Kuwait har gått saman om å be FN-tryggingsrådet om å vedta ein resolusjon om våpenkvile, utan hell.