Etnisk krangel i Makedonias parlament

Ein tidlegare statsminister og ein tidlegare geriljasoldat barka saman i det makedonske parlamentet, da albansk vart gjort til offisielt språk i heile landet. Opposisjonsleiaren prøvde å stoppe vedtaket med makt, men til ingen nytte.

Macedonia Albanian Language

I STRUPEN PÅ KVARANDRE: Opposisjonsleiar Nikola Gruevski og leiaren av nasjonalforsamlinga Talat Xhaferi ser intenst på kvarandre. Gruevski prøvde å stoppe utbreiinga av albansk språk i det offentlege med handmakt.

Foto: Boris Grdanoski / AP

Det makedonske parlamentet har i fleire månadar krangla om den nye mållova. Dei etniske albanarane hevdar den er ein del av Ohrid-avtalen frå 2001, der ein albansk gerilja fekk gjennomslag for fleire nasjonale krav, i bytte mot å legge ned våpena sine.

MACEDONIA BALKANS

SKYTTARGRAVSKRIG I 2001: Det var like før det braut ut full borgarkrig i Makedonia, men Ohrid avtalen klarte å avverje dette. Men framleis kranglar partane om kva dei eigentleg vart samde om. Det albanske språket og flagget har vore ein viktig del av avtalen.

Foto: OGNEN TEOFILOVSKI / REUTERS

Albansk har vore offisielt språk sidan 2001, men berre i kommunar med der albanarane utgjer over 20 % av befolkninga. Den nye lova gjer albansk til offisielt språk i heile Makedonia.

Opposisjonen meiner det er absurd at kommunar som knapt har ein albansk-talande innbyggar, skal måtte nytte albansk språk i offentleg kommunikasjon.

Knuffing i nasjonalforsamlinga

MACEDONIA PEACE MARCH

GERILJASOLDAT OG POLITIKAR: Talat Xhaferi under ein fredsmarsj i 2001. Den albanske geriljaen starta ein liten krig på vegner av den etnisk albanske befolkninga. Seinare vart geriljaen til det politiske partiet DUI, som meir eller mindre har vore ein del av makedonske koalisjonsregjeringar, uansett kven som har hatt makta på makedonsk side.

Foto: DIMITRI MESSINIS / AP

Det var difor duka for eit oppgjer mellom speakeren i nasjonalforsamlinga, albanske Talat Xhaferi, og opposisjonsleiar Nikola Gruevski.

Talat Xhaferi, som har ei fortid som albansk geriljasoldat, nekta å akseptere endringsforslaga til opposisjonen, før lova gjekk til votering.

Det kan han noko med at opposisjonen hadde introdusert ikkje mindre enn 34.000 endringsforslag i håp om å utsette voteringa i all overskodeleg framtid.

Så midt under voteringa prøvde Gruevski å avbryte voteringa ved å brøyte seg opp på podiet til Xhaferi, der han byrja å fikle med knappane på det elektroniske stemmepanelet.

SJÅ KNUFFINGA HER: Xhaferi og Gruevski i heftig krangel.

Det enda med eit kort basketak, før vakter kom og skilde dei to kamphanane.

Albanske er no offisielt språk i heile Makedonia. Om lag ein fjerdedel av dei 2 millionar innbyggarane i Makedonia er albansk-språklege. Formålet med lova er å gjere det enklare for desse borgarane å kommunisere med kommunar, sjukehus og domstolar.

Vil prøve å annullere lova

Regjeringa prøvde å vedta lova allereie i januar, men presidenten la ned veto fordi han meinte lova streid med grunnlova. Dette kan han berre gjere ein gang, og siste håpet til opposisjonen er at grunnlovsdomstolen vil gripe inn og annullere lova.

SISTE NYTT

Siste nytt