Hopp til innhold

Etna-utbrot stansar flytrafikken

Utbrotet i vulkanen Etna på Sicilia har ført til store problem for flytrafikken til og frå den italienske øya.

Vulkanutbrot på Sicilia.

Store mengder brennande lava renn nedover fjellsida på Etna.

Foto: GIOVANNI ISOLINO / Afp

Utbrot i Etna på Sicilia.

Den største flyplassen på Sicilia held stengt på grunn av utbrotet i Etna.

Foto: GIOVANNI ISOLINO / Afp

Flyplassen i Catania, den største på Sicilia, har vore stengd i heile i dag og blir ikkje opna igjen før tidlegast tysdag. Den mindre flyplassen Comiso 130 kilometer sør for Etna, opna igjen tidlegare i dag etter å ha vore stengd i nokre få timar.

Etna er den mest aktive vulkanen i Europa, og det er ikkje uvanleg med mindre urbrot. Utbrotet som starta laurdag er likevel kraftigare enn øybuarane har opplevd på fleire månader.

I storbyen Catania og i turistbyen Taormina har folk god utsikt til det eldsprutande fjellmassivet. Etna spyr røyk og oske, som er det verste for flytrafikken, men også straumar av glødande lava.

Ein slik lavastraum på rundt ein kilometers lengd trengde i helga ned i dalen Valle del Bove, og søndag vart det registrert tre mindre jordskjelv i regionen rundt Etna. Det er ikkje meldt om at menneske har kome til skade som følgje av vulkanutbrotet.

Etna er 3350 meter høgt og såleis den høgste aktive vulkanen i Europa. Det siste større utbrotet var i 1992, melder NTB.

LES OGSÅ: Kraftig vulkanutbrudd på Sicilia

LES OGSÅ: Jorden på sitt varmeste på 1400 år

LES OGSÅ: Seks døde i vulkanutbrudd i Indonesia

SISTE NYTT

Siste nytt