Hopp til innhold

Etiopisk fly i brann på Heathrow

Eit fly av typen Boeing 787 Dreamliner har teke fyr på London-flyplassen Heathrow. Flyplassen har no opna igjen etter å ha vore stengt etter brannen.

Brann i fly på Heathrow

Brannen skal ha skjedd i den bakre delen av flyet.

Foto: Reuters

Ingen passasjerar var om bord på flyet då det brann, og det skal difor ikkje vere omkomne etter flybrannen, melder flyplassen på Twitter.

Bilete av flyet viser eit hol i skroget ved haleroret.

Etiopisk fly

Flyet som brann, Queen of Sheba, skal vere etiopisk, frå selskapet Ethiopian Airlines. Dreamlineren landa på Heathrow i 6-tida fredag morgon, og var planlagt å fly vidare i 21-tida i kveld.

Flyselskapet var det første som starta opp igjen flygingar med Dreamliner-flyet etter at modellen vart sett på bakken i januar grunna tekniske problem. Grunnen til dette var at det oppsto brann i batteria på eit fly. Det er sannsynlegvis ikkje tilfelle ved dette flyet, då batteria ligg i framdelen av flyet.

– Me har personell på bakken på Heathrow og jobbar med å finne ut kva som er skjedd for å kome med eit utsegn, seier ein talsperson for Boeing til Sky News.

Avgjersla om flymodellen igjen vil bli sett på bakken vil bli teken av det europeiske flytryggleiksbyrået, EASA.

Boeing-aksjen stuper

Boeing-aksjen har falle med rundt seks prosent etter at meldingane om flybrannen kom.

Norwegian starta sine flygingar med Dreamliner-modellen 4. juli.

SISTE NYTT

Siste nytt