Hopp til innhold

Etiopia lovar å sette fri politiske fangar

Etiopia har lenge blitt kritisert for å nytte massearrestasjonar for å kneble opposisjonen. No lovar statsministeren å sleppe fri alle politiske fangar, og å stengje eit omstridd fengsel.

Demonstrasjonar

DEMONSTRASJONAR: Dei siste åra har det vore store demonstrasjonar i Etiopia mot at regjeringa fengslar opposisjonelle og dei som uttrykkjer seg kritiske til regimet. Fleire tusen menneske er arresterte sidan demonstrasjonane starta.

Foto: Zacharias Abubeker / AFP

Å sette fri fangane skal bidra til å «utvide det demokratiske rommet for alle», seier statsminister Hailemariam Desalegn.

Hailemariam Desalegn

Statsminister i Etiopia Hailemariam Desalegn

Foto: Michael Tewelde / AP

Han lovar at dei som er dømde kjem til å bli benåda og sette fri, medan skuldingane mot dei som ventar på dom kjem til å falle bort.

Nøyaktig når fangane vert sette fri, eller kor mange det er snakk om, har ikkje Desalegn sagt noko om, anna enn at det er sett i gong ein prosess.

Fråsegna kom under avslutninga på eit 18 dagar langt regjeringsmøte, og vart gitt medan leiarane for dei fire politiske partia som deltek i regjeringskoalisjonen, var til stades.

Fengsel blir museum

Desalegn skal også ha gitt ordre om å stenge det omstridde Maekelawi-fengselet, og han sa at dette skal bli om til eit museum.

Fengselet er berykta for å torturere fangane, skriv organisasjonen Human Rights Watch. Regjeringa hevdar påstandane ikkje er sanne.

– Dette kan signalisere slutten av ein epoke med blodig undertrykking i Etiopia, seier Fisseha Tekle ved Amnesty International.

Sjølv om det er gode nyheiter at fengselet vert stengt, ber Tekle om at ein ikkje må gløyme det som har skjedd der.

– I ei årrekkje har Maekelawi fungert som eit torturkammer, som har blitt brukt av etiopiske styresmakter til å brutalt avhøyre dei som har gjort motstand mot regjeringa, seier Tekle.

Soldatar prøver å stoppe protest

KJENNER SEG UNDERTRYKTE: Etiopiske soldatar prøvde å stoppe protestane som braut ut under ein festival i 2016. Folk protesterte fordi dei meiner regjeringa driv med undertrykking av oromofolket.

Foto: AP

Langvarig uro

Lovnaden frå statsministeren kjem etter fleire månader med demonstrasjonar mot regjeringa i dei urolege regionane Oromia og Amhara.

Ifølgje Human Rights Watch har fleire hundre menneske mista livet i samanstøyt mellom dei to største folkegruppene i landet.

Styresmaktene har svart med å innføre unntakstilstand, og sidan 2016 er fleire tusen menneske arresterte, ifølgje menneskerettsgrupper. Blant desse er også mange regimekritikarar og journalistar.

Ein av dei som var tidleg ute og kommentere nyheita frå statsministeren er den kjende bloggaren og tidlegare fangen Befeqadu Hailu.

– Alle desse løfta må bli innfridd snart, skriv Hailu på Twitter.

Laster Twitter-innhold
Eit blodig opprør er på gang i Etiopia, men det er vanskeleg å få ut uavhengig informasjon om det som skjer. Mange journalistar er i fengsel, og få utanlandske kollegaer slepp inn i landet.
Urix ved blant annet programleder Hege Moe Eriksen ser på situasjonen i landet

SISTE NYTT

Siste nytt