NRK Meny
Normal

Fire ETA-bomber i Nord-Spania

ETA står truleg bak fire bombeeksplosjonar i det nordlege Spania i dag.

Spansk politi leiter etter fleire bomber i Laredo.

Spansk politi leitar etter fleire bomber i sanden i Laredo.

Foto: Alvaro Barrientos / AP

Ingen vart skadd i eskplosjonane, som alle vart varsla på førehand. Ein innringjar som sa han tilhøyrde ETA varsla fire bomber, og at dei ville bli detonerte mellom klokka 12 og 15.

To bomber eksploderte i feriebyen Laredo, medan ei bombe gjekk av i Noja.

Politiet evakuerte dei aktuelle områda i god tid før bombene gjekk av. Det var færre folk ute enn vanleg på grunn av dårleg ver, opplyser ein polititalsmann.

Ei Røde Kors-bu på stranda i Laredo vart øydelagd.

Ei Røde Kors-bu på stranda i Laredo vart øydelagd i ein av eksplosjonane.

Foto: VINCENT WEST / REUTERS

Den første bomba eksploderte kl. 12.15 norsk tid på strandpromenaden i den populære feriebyen Laredo. Det vart gjort stor skade på promenaden og fleire vindu på hus like ved vart øydelagde.

Ei røyksøyle på 25 meter steig opp frå eksplosjonsstaden, fortel augevitne.

Nokre minutt seinare vart det meldt om ein kraftig eksplosjon på stranda i byen Noja, rundt 30 kilometer frå Laredo. Ingen vart skadd her heller.

Den tredje eksplosjonen skjedde i Laredo igjen, men heller ikkje denne gongen kom nokon til skade.

Den fjerde bomba gjekk av på ei golfbane i Noja like før kl. 15.

Spansk politi fryktar at dette er starten på ETA sin årlege sommaroffensiv.

ETA kjempar for at dei baskiske områda nord i Spania skal bli sjølvstendig frå Spania. Organissjonen står på både USA og EU sine lister over terrororganisasjonar.

Organisasjonen har teke livet av 800 menneske sidan 1968, som oftast ved bombeeksplosjonar og skyting. Sidan 2000 er 750 ETA-medlemer arresterte i Spania

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt