NRK Meny
Normal

Stadig meir spent mellom islamistar og høgreekstreme i London

I London har uroa mellom islamistiske og høgreekstreme grupper blussa opp etter det sjokkerande soldatdrapet. Og det er personar frå begge sider som bidreg til å halde liv i konflikten. Britisk politi er på tå hev, og fryktar meir kriminalitet.

BRITAIN-FIRE-ISLAM-FARRIGHT

Eit islamsk senter vart totalskadd etter å ha blitt påtent. På ruinane var initialane til den høgreekstreme gruppa English Defence League tagga inn.

Foto: STEFAN ROUSSEAU / Afp

Seks islamistar vart i dag dømd til oppunder tjue år i fengsel for å ha planlagd eit angrep på den høgreekstreme gruppa English Defence League (EDL) i juni i fjor. Utstyrt med hagler, sverd, machetar og bomber skulle islamistane angripe ein demonstrasjon i regi av EDL.

BRITAIN-ATTACKS-FARRIGHT-ISLAM-COURT

Desse seks mennene skal sone oppunder tjue år i fengsel for å ha planlagd angrep på høgreekstreme demonstrantar i England.

Foto: - / Afp

– Dei som stod i fare for å bli skada var ikkje berre personar som var knytt til EDL, men også politimenn og andre sivilpersonar som tilfeldigvis ville ha vore i nærleiken. Ei bombe ville ha ført til særs alvorlege skadar, sa dommaren då han gav dei tiltalte dommen sin.

Dei seks islamistane, som alle er i tjueåra, kom for seint fram til demonstrasjonen, og vart avslørt då dei tilfeldigvis vart stoppa på veg heim att. Det var den skrøpelege bilen dei sat i som var grunnen til at politiet stoppa islamistane, og dermed avslørte planane.

To muslimske bygg i brann

Den lange fengselsdommen vart kjent berre få timar etter at fire britiske gutar på 17 og 18 år vart arrestert og mistenkt for å ha sett fyr på ein islamsk skule i London natt til søndag. Og tidlegare i veka vart også eit islamsk senter i London påtent, og på ruinane fann politiet påteikna initialane EDL.

Dei to brannane, og dei mange reaksjonane som har kome i kjølvatnet av soldatdrapet i London, har fått britisk politi til å vere på tå hev. Vakthaldet har auka rundt muslimske bygg i den britiske hovudstaden, og det er frykt for fleire angrep retta mot muslimske miljø.

– Me jobbar tett med det muslimske miljøet, og me har sett ytterlegare ressursar utanfor fleire lokale som me ser på som utsette for angrep, sa politisjef Simon Letchford til BBC.

Fleire angrep enn før

Politisjefen la til at det var ei merkbar auke av både verbale og fysiske angrep mot muslimar i vekene etter soldatdrapet.

– Me har sett ei heilt klar auke av tilfelle. Vanlegvis har me eit islamfiendtleg lovbrot i heile London i løpet av ein dag, og no ser me rundt åtte per dag. Og me veit at denne typen kriminalitet er underrapportert, seier Letchford.

Blomster på stedet der Lee Rigby ble drept

Medsoldatar sørger over tapet av Lee Rigby, som vart drepen på open gate i London 22. mai.

Foto: EDDIE KEOGH / Reuters

Storbritannia er det landet i Europa med høgast innvandringsandel. Ifølgje ei meiningsmåling utført av Daily Mail er heile 69 prosent av det britiske folk skeptiske til innvandring. Same avis seier også at det kjem 850 nye innvandrarar til landet kvar dag.

Populær innvandringskritisk politikk

Desse tala, og eit stadig trongare økonomisk spelerom i Storbritannia har saman gitt vind i segla til partiet UKIP. Partiet har innvandringsstopp og utmelding av EU som sine hovudsaker. Også det britiske nasjonalistpartiet har opplevd framgang på grunn av deira kritiske haldningar til innvandring.

SJÅ: I URIX 5. juni fortalde London-korrespondent Gry Blekastad Almås om UKIP og innvandringsutfordringa i Storbritannia

Mykje av dei innvandringsfiendtlege haldningane vert retta mot muslimar, og hendingane dei siste vekene har gjort tilhøvet mellom islamske og høgreekstreme grupper ekstra vanskeleg.

Rundt 1000 tilhengere av det høyreekstreme English Defense League marsjerte gjennom det sentrale London i dag. De protesterer mot drapet av en britisk soldat forrige uke. De møtte anti-fascistiske motdemonstranter.

SJÅ VIDEO: Demonstrantar frå English Defence League protesterer etter drapet på soldaten Lee Rigby, 27. mai

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt