NRK Meny

Norsk statsministerbesøk i Kina for første gong på ti år

Om to månader er det klar for første statsministerbesøk i Beijing etter at forholdet mellom Noreg og Kina blei normalisert i desember. Etter det NRK erfarer, planlegg statsminister Erna Solberg å reise til Kina i april.

Nærbilde av Erna Solberg. Blå bakgrunn

Statsminister Erna Solberg ser fram til samarbeid med Kina.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Alle formalitetar er enno ikkje på plass. Og statsministerens kontor har ingen kommentar. Men etter det NRK kjenner til, skal også utanriksminister Børge Brende (H) og næringsminister Monica Mæland (H) delta på reisa, saman med ein næringslivsdelegasjon.

Trond Davidsen

Trond Davidsen er viseadministrerande direktør i Sjømat Norge.

Foto: Erlend Aas / SCANPIX

– Viktig for næringa

Bransjedirektør Knut Sunde i Norsk Industri seier til NRK at det er stor interesse for å komme ut av «fryseboksen», og at det utan tvil blir solide næringslivsdelegasjonar som kjem til å dra til Kina i tida som kjem. Han tar for gitt at det vil bli gjennomført slike reiser framover.

Viseadministrerande direktør Trond Davidsen i Sjømat Norge seier at han ikkje har konkret informasjon om ei delegasjonsreise til Kina i april. Han legg til at for Sjømat Norge er det viktig å kunne delta på reiser der sjømat er hovudtema.

Davidsen ser på normaliseringa som eit startskot for å få tatt opp igjen dialogen mellom norske og kinesiske veterinærstyresmakter. Den må vere på plass før handelen kan komme i gang. Når det skjer, vil det sjølvsagt vere svært viktig både for næringa som heilskap og for enkeltaktørar, legg han til.

Full normalisering

19. desember i fjor blei det kjent at forholdet mellom Noreg og Kina var normalisert. Utanriksminister Børge Brende var i Kina på hemmeleg besøk, og kunne fortelje at landa skulle ta opp igjen forhandlingane om ein frihandelsavtale.

Noreg hadde på dette tidspunktet ikkje hatt politisk kontakt med Kina sidan 2010 då den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris.

TOPSHOTS-NORWAY-CHINA-PEACE-NOBEL-LIU XIAOBO

Norge og Kina har ikkje hatt politisk kontakt etter at dissidenten Liu Xiaobo fekk fredsprisen i 2010.

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

Brende varsla også at regjeringa la opp til fleire politiske besøk til Kina kommande vår, noko som også ville omfatte breitt samansette næringslivsdelegasjonar.

No er det altså tid for statsministeren å reise til den kinesiske hovudstaden.

– Dette har vore krevjande for oss i mange internasjonale samanhengar og i mange enkeltsaker, sa Solberg då ho orienterte Stortinget i desember. Ho la til at det kjølige forholdet har vore utfordrande for norsk næringsliv, som har opplevd manglande politisk kontakt som ein barriere.

Dåverande statsminister Jens Stoltenberg besøkte Kina i mars 2007.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt