Hopp til innhold

Erna Solberg fekk sjå Noregs nye overvakingsfly: – Viktig å følgje med på Russland

JACKSONVILLE, FLORIDA (NRK): Statsminister Erna Solberg tok i dag dei nye overvakingsflya Noreg har bestilt i augesyn. – Vi skal vere auga og øyra til Nato i nord, seier ho.

P-8 Poseidon overvakingsfly

Dei nye overvakingsflya skal leverast til Noreg i løpet av 2022 og 2023.

Foto: Lars Os / NRK

Statsminister Erna Solberg (H) besøkte i dag flybasen i Florida, der 12 nordmenn frå Luftforsvaret har fått opplæring i å handtere dei nye P8-Poseidon overvakingsflya Noreg har bestilt.

Den norske delegasjonen, der også forsvarsminister Frank Bakke-Jensen, ambassadør Kåre R. Aas, den amerikanske ambassadøren i Noreg, Kenneth Braithwaite, var med, flaug frå New York til Jacksonville i Florida i flyet til den amerikanske marineministeren, Richard V. Spencer.

I dag var første gong dei nye overvakingsflya vart viste fram. Erna Solberg meiner det er viktig å følgje med på den russiske aktiviteten i nordområda.

Erna Solberg om bord i eitt av dei nye flya

Statsminister Erna Solberg får informasjon om dei nye P-8 Poseidon-flya.

Foto: Lars Os / NRk

– Atlanterhavet viktig

– Det er ingen tvil om at russarane har meir utstyr, dei er betre trente og dei øver meir enn før. Vi må følgje nøye med på kva dei gjer. Kontroll over Atlanterhavet er ekstremt viktig for Nato, for her går kommunikasjonslinene våre og her går sambindinga mellom USA og Europa. Vi skal vere auga og øyra til Nato i nordområda, seier Erna Solberg til NRK.

Skuldermerke

Jakkemerket er alt på plass på uniformene til nordmennene som no får opplæring på den nye flytypen.

Foto: Lars Os / NRK

Ho slår fast at det ikkje er tvil om at aktiviteten i nordområdet har auka sterkt dei siste åra, og det er derfor er eit viktig val Noreg har gjort ved å kjøpe desse nye overvakingsflya.

Dei fem nye overvakingsflya av typen Poseidon P-8 skal leverast til Noreg i løpet av 2022 og 2023. Statsministeren seier at desse flya, ved sida av å vere viktige for den militære overvakinga, også vil kunne assisterer i sivile redningsaksjonar.

Grundig opplæring

Kaptein Håvard Svenning er ein av 12 frå det norske luftforsvaret som får opplæring i bruken av dei nye flya. Dei har teke med familiane sine hit, og dei skal vere i USA til dei er klare til å flyge dei nye flya heim til Noreg. Dei går gjennom grundig opplæring, for det er ein stor overgang frå Orion P-3.

– P-3 Orion har vore eit fantastisk fly, men det går mot slutten på levetida. Det er eit stort hopp teknologisk, og det gir oss heilt ny kapasitet. Det blir lettare å samarbeide med andre nasjonar, slik som USA og Storbritannia, som alt har teke i bruk P-8, seier han.

Han synest det er stor stas med besøk av statsministeren, forsvarsministeren og resten av den norske delegasjonen.

Dei nye overvakingsflya av typen P-8 Poseidon.

Noreg får fem nye overvakingsfly av typen P-8 Poseidon i løpet av 2022. Norske instruktørar blir no utdanna i USA.

Foto: Lars Os / NRK
I P-8--simulatoren

Kaptein Håvard Svenning (framme til høgre) er ein av dei norske som får opplæring på det nye flyet. Med han i simulatoren er også Erna Solberg og Frank Bakke-Jensen.

Foto: Lars Os / NRK
Erna Solberg og Richard V. Spencer.

Statsminister Erna Solberg saman med USAs marineminister Richard V. Spencer.

Foto: Lars Os. / NRK

– Noko heilt nytt

Marineminister Richard V. Spencer kallar dei nye overvakingsflya ein «gamechanger», altså noko som kan endre heile situasjonen. Han skryt av jobben Noreg har gjort med å overvake nordområda hittil. Han rosar også samarbeidet mellom USA og Noreg og kallar Noreg ein viktig alliert.

– Noreg gjer ein kjempejobb med å halde auge med det som skjer i nordområda. P-3 Orion var veldig bra i si tid, men P-8 Poseidon vil verkeleg endre dette arbeidet til det betre, seier Spencer til NRK.

Nordmenn i Florida.

Statsminister Erna Solberg (t.h.) og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (t.v.) saman med familiane til dei norske soldatane som får opplæring på det nye overvakingsflyet.

Foto: Veronika Westhrin / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt