Hopp til innhold

Erklærte seg smittefri – inviterer fleire hundre til Det kvite hus

Donald Trump inviterer fleire hundre til eit arrangement utanfor Det kvite hus i dag, berre timar etter at han erklærte seg sjølv smittefri. Samtidig slår smittevernekspert Anthony Fauci fast at det var ei «superspreier»-hending i Rosehagen.

President Donald Trump

Donald Trump erklærte seg smitte- og medisinfri på Fox News i natt. Trump testa positivt for koronaviruset 1. oktober. Dagen etter vart han innlagd på sjukehus med pusteproblemer, før han vart skrive ut etter tre netter.

I løpet av natta har det handla om president Donald Trump og helsa hans. Dette har skjedd:

  • Trump erklærer seg smittefri.
  • Presidentdebatten neste veke er avlyst.
  • Anthony Fauci stadfestar superspreiing i Det kvite hus.
  • Fleire hundre personar er venta til arrangement ved presidentbustaden.

Trump har invitert til eit arrangement utanfor presidentbustaden laurdag, der planen er at han skal tale frå ein av balkongane.

Ifølgje kjelder til The New York Times skal fleire hundre personar møte opp på plenen utanfor Det kvite hus.

Det er to veker sidan det som blir omtalt som eit «superspreier»-arrangement gjekk av stabelen i Rosehagen. Etter samlinga, fekk ei rekkje av deltakarane korona, blant dei president Trump.

– Eg meiner dataa taler for seg. Vi hadde ein superspreier-hending i Det kvite hus, sa smitteverneksperten til Trump, Anthony Fauci, i eit intervju med CBS News Radio fredag.

CNN skriv at den «aukande politiske desperasjonen» til Trump vekkjer bekymring for om Det kvite hus er ærlege om helsa hans.

Republikansk fest.

Under arrangementet i Rosehagen 26. september stod republikanarar tett, klemde på kvarandre og berre personane til eit fåtal hadde på seg munnbind. Høvet for arrangementet var nominasjonen av Amy Coney Barrett som ny høgsterettsdommar.

Foto: Alex Brandon / AP

Presidentdebatten avlyst

Den planlagde debatten neste veke mellom Trump og Demokratanes presidentkandidat Joe Biden er avlyst, melde Wall Street Journal natt til laurdag norsk tid.

Årsaka skal vere at Trump og Biden ikkje vart samde om korleis debatten skulle gå føre seg.

Arrangøren og Biden ønskte debatten på video med tanke på smittevernomsyn, men det nekta Trump å gå med på.

Tidlegare denne veka foreslo teamet til Trump å utsetje begge dei kommande debattane, slik at den tredje debatten kunne haldast 29. oktober, fire dagar før presidentvalet. Valkampsjefen til Biden avviste forslaget.

dMFbcpeBm0s

Den første TV-debatten mellom Donald Trump og Joe Biden har vorte kalla den verste debatten nokosinne, no er den neste planlagde debatten avlyst.

Foto: Patrick Semansky / AP

– Eg føler meg kjempebra

Presidenten sa i eit videointervju med Fox News natt til laurdag norsk tid at han ikkje lenger tek medisinar mot korona. Fleire medium påpeikar at han var hås og måtte avbryte fleire gonger fordi han hosta under intervjuet.

Men det kom få svar på kva dei mange testane på sjukehuset hadde vist.

– Akkurat no er eg medisinfri. Eg tek ingen medisinar no, og eg har ikkje gjort det på åtte timar, sa Trump.

Trump vart intervjua av Marc Siegel, som er lege og Fox News-kommentator.

Presidenten understreka at han er så godt som smittefri, og seier han vart testa på nytt for viruset i dag.

– Eg har vorte testa igjen, og har ikkje tala eller noko sånt, men eg har vorte testa igjen og eg er i den nedre delen av skalaen, eller heilt kvitt det, seier Trump.

Donald Trump er tilbake i full sving i presidentrolla og stilte i natt norsk tid til eit videointervju med Fox News.

Væske i lungene

Vidare forklarte han at viruset hadde tappa han for krefter, og at han ikkje følte seg særleg bra då sjukdommen var på det verste. Lungeprøver skal ha vist at han hadde væske i lungene.

– Eg følte meg svak, var trøytt og sår i halsen, og hadde ikkje den energien ein president skal ha, sa han.

Då Trump vart innlagd på Walter Reed-sjukehuset fredag for ei veke sidan, vart han behandla med fleire eksperimentelle legemiddel, inkludert Remdesivir og steroid.

Han gav ikkje fleire opplysningar om kva slags medisinar han elles hadde fått eller kva slags testar han har vore gjennom.

– Det er eit veldig smittsamt virus. Det er ein ting du lærer. Dette er ein smittsam sjukdom, sa han.

Han brukte òg tid på å skryte av dei flotte fasilitetane på militærsjukehuset og sa at dei hadde masse topp moderne utstyr som han aldri hadde sett før.

SISTE NYTT

Siste nytt