Hopp til innhold

Erkebiskopen vart myrda då han skulle dele ut nattverd – no vert han helgen

El Salvadors store landshelt erkebiskop Romero er på god veg til å bli St. Romero. I Oslo bur ein av hans næraste medarbeidarar og som risikerte livet i jobb for erkebiskopen.

El Salvador Romero

Ein ung mann målar eit bilete av erkebiskop Oscar Romero i San Salvador. Landshelten skal no bli ein helgen.

Foto: Salvador Melendez / Ap

Laura Hernandez

Laura Hernandez bur i dag i Oslo og er sjukepleiar, men hennar liv har vore langt meir dramatisk enn som så.

Foto: Sigrun Slapgard / NRK

Laura Hernandez er eit lita kvinne, med typiske indianske trekk og eit stort smil i andletet. Ho kjem med raske skritt inn på ein kafé på Storo, ikkje langt unna heimen sin.

Erkebiskopen terga på seg regimet

Dei andre kafégjestene veit lite om det Laura har vore gjennom før ho kom til Noreg. Fire drapsforsøk, oppryddingsarbeid etter ein blodig massakre og ein farleg jobb tett på erkebiskop Oscar Romero er noko av det ho har i bagasjen.

Erkebiskopen er blant El Salvadors største heltar. Lenge var den konservative biskopen mislikt av mange, også av Laura, men ein massakre på forsvarslause bønder var vendepunktet.

Erkebiskopen stilte regjeringa i El Salvador til ansvar, og i tida etter vart han ein markant opposisjonsleiar til regimet.

Risikerte livet for jobben

Det vart eit kall for Romero å få ein slutt på den sosiale uretten, fattigdommen og torturen i El Salvador. Han tok dei fattige si side, og hans radioprogram vart det mest populære i El Salvador.

EL SALVADOR-RELIGION Man sings in front of an image of late Archbishop Romero during a march to commemorate the 35th anniversary of his assassination

Ein mann deltek i ein marsj 24 mars i år. Då vart det markert at det er 35 år sidan Oscar Romero vart myrda.

Foto: STRINGER/EL SALVADOR / Reuters

Og ein av hans næraste medarbeidarar sit på denne kafeen på Storo.

– Det var min jobb å hente dei døde, dokumentere forsvinningar. Men etter at eg fekk jobben våga eg ikkje å sove heime lengre, fortel Hernandez.

Og det har nok også redda livet hennar, for heimen hennar vart jamna med jorda og landsbyen vart rasert. Mange av Hernandez sine naboar forsvann for alltid.

Ho overlevde fire drapsforsøk før ho til slutt rømte og enda opp i Noreg. Men erkebiskopen klarte seg ikkje. Oscar Romero vart drepen under ei messe i hovudstaden San Salvador i 1980.

The Week That Was in Latin America Photo Gallery

Ingen tvil om kven som er helten i El Salvador. Her får du også nøkkelknippe med bilete av Romero.

Foto: Salvador Melendez / Ap

– Forstår ikkje at eg er i live

Ho hugsar dagen som i går. Skota som drap erkebiskopen blei fyrte av rett før han skulle dele ut nattverden.

Hernandez visste frå før at ho dagleg var livsfare, men no visste Laura at alt kom til å bli verre.

– Eg fattar ennå ikkje at eg er i live, seier den tidlegare nonna som no har lært seg norsk og blitt sjukepleiar etter at ho kom til Noreg.

Han vann aldri Nobels fredspris, som han var nominert til to gonger, men no vert erkebiskopen saligkåra, noko som er siste trinn på vegen til å bli utnemnt til helgen - og det er lite som gjer Hernandez gladare.

SISTE NYTT

Siste nytt