NRK Meny
Normal

I Libanon for å hjelpe kidnappa journalistven

Tidlegare NRK-journalist Erik Aasheim har fleire gonger vore på farlege jobbreiser med venen Magnus Falkehed. No er Falkehed meldt sakna inne i Syria og Aasheim har reist til Libanon for å leite etter svar.

Erik Aasheim

Tidlegare NRK-journalist Erik Aasheim (til høgree) har reist til Libanon for å forsøke å nøste opp trådane som kan føre til at venen hans Magnus Falkehed (øvst til venstre) og Niclas Hammarström kjem til rette att. Dei to svenske journalistane har vore sakna i Syria sidan laurdag formiddag.

Foto: Montasje / Scanpix

Så snart Erik Aasheim fekk vite at hans svenske ven frå tida som journalist i Paris var meldt sakna i Syria, reiste han til nabolandet Libanon for å gjere det han kan for å få venen tilbake att i tryggleik.

– Magnus er ein av mine beste vener, og eg er her på vegner av hans franske kone og familie for å forsøke å legge press på styresmakter og ambassadar, slik at dei gjer sitt maksimale. Også er me her for å gå opp løypa på vår måte, og for å ta kontakt med andre type kjelder og sjå kva me kan bidra med, seier Aasheim.

Svenske diplomatar og styresmakter har det siste døgnet hatt det travelt med å finne ut kor det har blitt av dei to journalistane.

– Det er forferdeleg travelt, og det kjem til å vere mange hektiske dagar i tida framover, seier Sveriges ambassadør til Syria, Niklas Kebbon til Expressen.

Kidnappa av velkjent gruppe

Han og andre representantar for svenske styresmakter ønskjer ikkje å kommentere detaljar i saka, og det er førebels ikkje kjent om dei to svenskane er kidnappa, arresterte, eller om det er ei anna årsak til at ein ikkje har høyrt noko frå dei.

Ein syrisk menneskerettsaktivist som er busett i Stockholm seier til SVT at nyheita om svenskane har spreidd seg i Syria, og at mange menneskerettsaktivistar i Syria er einige om at det er ei lita, men velkjend gruppe som har kidnappa dei to journalistane.

– Det er ei lovlaus gruppe som også tidlegare har gjennomført kidnappingar som dette. Sannsynlegvis forsøker dei å presse pårørande eller den svenske regjeringa for pengar, seier aktivisten Yasir al-Sayed Issa til SVT.

Vore på tur med Falkehed før

Aasheim seier på si side at han ikkje kjenner til noko krav om løysepengar, og skildrar heile situasjonen som trist.

– Det er kjempetrist. Ting er så uklart i Syria, så det er så vanskeleg å finne ut kva som har skjedd, men eg er sikker på at alle kreftene som no vert sett inn frå mange hald til saman skal klare å bidra til ei god løysing, seier Aasheim.

Erik Aasheim har tidlegare vore på reportasjereise med Falkehed i urolege område som Tunisia og Libya, og at dei tidlegare har snakka om at noko farleg kan skje.

– Magnus er ekstremt godt førebudd på situasjonar som dette. Han har gått på kurs i England og hos det svenske forsvaret der ein øver på denne typen situasjonar. Eg har reist mykje saman med han, og han bruker å unngå risiko. Han er ein veldig grundig journalist og er alltid veldig godt førebudd, seier Aasheim som no jobbar som kommunikasjonsrådgivar i miljøverndepartementet.

Utan visum

Dei to svenske journalistane skal ha vore på reportasjetur i Syria, og var på veg ut av landet att då dei skal ha blitt tekne til fange laurdag formiddag. I tillegg til Falkehed skal også Niclas Hammarström ha blitt fanga. Hammarström har tidlegare vunne internasjonal pris for sine bilete frå Utøya-massakren.

Svenske styresmakter har vore særs forsiktige med å gi ut informasjon om kva som kan ha skjedd med dei to mennene, som ifølge Expressen.se ikkje skal ha hatt gyldig visum då dei reiste inn i landet.

Laster kart, vennligst vent...

Maaloula

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt