NRK Meny
Normal

Erdogan: – Muslimar oppdaga Amerika

Striden om kven som oppdaga Amerika er langt frå over. Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan er sikker på at det var muslimar som var dei første som tok seg over havet og slo seg ned i Amerika, nærmare bestemt på Cuba.

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan.

– Det var muslimar som oppdaga Amerika, meiner Tyrkias mektige president Recep Tayyip Erdogan.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

No kan ein sikkert diskutere om ein i det heile teke kan snakke om å oppdage Amerika, når det ikkje er tvil om at urinnbyggjarane hadde budd i landet i uminnelege tider. Lenge før både Leiv Eiriksson, Kristoffer Columbus og Erdogans muslimar.

Då Erdogan la fram sin teori om at muslimar kom til Amerika, nærmare bestemt til Cuba, nesten tre hundreår før Columbus, vart det møtt med ein del ironiske kommentarar i tyrkiske aviser. Rett nok fekk han brei støtte i aviser som støttar han, men i dei uavhengige avisene og aviser som støttar opposisjonen, vart han nærmast latterleggjort.

– Tyngdekrafta også?

Statue av Kristoffer Colombus i Barcelona.

Det står statuar av Kristoffer Colombus i mange byar, både i Europa og i Amerika. Denne er frå Barcelona i Spania.

Foto: GUSTAU NACARINO / REUTERS

Avisa Hurriyet skreiv i sterkt satiriske ordelag at den neste ideen til Erdogan truleg ville vere at det var ein muslim, og ikkje Isaac Newton, som oppdaga tyngdekrafta.

Leiaren for det største opposisjonspartiet, MHP, sa at dette var noko Erdogan hadde funne på for å få merksemda bort frå den mislukka politikken og den omfattande korrupsjonen.

Regjeringsvenlege aviser derimot hylla Erdogan for at han endeleg har slått fast kven som oppdaga Amerika.

Tysdag slo Erdogan hardt tilbake mot kritikarane. Han skulda dei for å mangle sjølvtillit på vegner av muslimar, og at ei objektiv verdshistorie ville ha gitt muslimar ein mykje større plass innanfor vitskapen.

LES OGSÅ: Catalonias historie

LES OGSÅ: Kan nærme seg løsninga på mysteriet om «Den tapte koloni»

– Skal inn i lærebøkene

– Om vitskapshistoria vart skrive objektivt, så ville ein få vite at den islamske verda har vore langt viktigare for vitskapen enn det som tidlegare har vore kjent, sa Erdogan blant anna i fjernsynssende talen under ein seremoni i Ankara.

Han sa også at det faktum at Amerika vart oppdaga av muslimar, straks bør få plass i tyrkiske lærebøker.

– Det heng eit tungt ansvar på skuldrene på Undervisningsdepartementet og Rådet for høgare utdanning i dette spørsmålet, sa Erdogan i den fjernsynssende talen sin i dag.

Samstundes hevdar han å ha støtte for synet på den muslimske oppdaginga av Amerika frå «høgt respekterte forskarar frå Tyrkia og resten av verda».

Statue av Leiv Eriksson i Trondheim.

Leiv Eiriksson var truleg før både Colombus og eventuelle muslimar til Amerika.

Foto: NED ALLEY / NTB scanpix

Kva er det så tidlegare statsminister og noverande president, Tyrkias sterke mann, Recep Tayyip Erdogan, støttar den kontroversielle teorien sin på?

– Såg moské på Cuba

I Kristoffer Colombus sine notat frå oppdagingsreisa til Amerikan skildrar han det han ser på eit høgdedrag på den kubanske kysten som noko som liknar ein moské.

Dei som har lese den vidkjende sjøfararen sine skildringar frå kysten av Cuba har tolka det som om landskapet hadde form som ein moské. Det er heller aldri funne noko spor etter ein eventuell muslimsk busetnad på Cuba eller andre stader i Amerika før Colombus kom dit.

Det var den muslimske historikaren Youssef Mrouhe som i ein artikkel i 1996 trekte fram observasjonen til Colombus. Seinare har ei gruppe muslimske forskarar også hevda at muslimar kom til Amerika lenge før Colombus.

Sjøvegen til India

Colombus kom til Amerika i 1492 på ei ferd der han eigentleg var ute etter å finne sjøvegen til India.

Det høyrer med til historia at vi nordmenn er temmeleg sikre på at Leiv Eiriksson kom til Amerika alt før tusenårsskiftet.

LES OGSÅ: Vikingene er maskuline ikoner

LES OGSÅ: Til USA for å flytte Vinland

LES OGSÅ: I slekt med Leiv Eiriksson

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt