Hopp til innhold

Hardt pressa Erdogan sparkar politisjefar etter korrupsjons-arrestasjonar

350 tyrkiske politioffiserar, blant dei fleire toppleiarar i Istanbul-politiet, har fått sparken, ifølgje eit regjeringsdekret frå i natt.

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan.

Statsminister Recep Tayiip Erdogan har sparka 350 politioffiserar, fleire av dei i leiande stillingar.

Foto: YOSHIKAZU TSUNO / Afp

Blant politisjefane som no må sjå seg om etter ny jobb er blant anna sjefen for avdelinga som har ansvaret for økonomisk kriminalitet, sjefen for avdelinga for datakriminalitet og sjefen for avdelinga som arbeider med smuglarsaker, melder nyheitsbyrået Dogan.

Dette skjer etter at fleire titals næringslivsleiarar, dei fleste av dei med band til statsminister Erdogan og regjeringa hans, vart arresterte. Dei er sikta for korrupsjon og andre former for økonomisk kriminalitet.

– Ein stat i staten

Den tyrkisk-amerikanske imamen Fetullah Gulen.

Fetullah Gulen, som lever i sjølvpålagt eksil i USA, nektar for å ha ei rolle i maktkampen i Tyrkia.

Foto: STRINGER/TURKEY / Reuters

Blant dei som vart arrestere i aksjonen før jul var fleire søner av statsrådar i regjeringa til Erdogan.

Erdogan sjølv gjekk hardt ut etter arrestasjonane og sa at dei var politisk motiverte, og han skulda ein USA-basert tyrkisk imam, Fetullah Gulen, for å stå bak gjennom sine tilhengjarar i Tyrkia.

Han skuldar Gulen sine tilhengjarar i statsapparatet for å prøve å etablere ein stat i staten, og at målet deira er å styrte den demokratisk valde regjeringa. Både Gulen sjølv og tilhengjarane hans avviser skuldingane

Statsminister svarte på arrestasjonane med å sparke fleire leiande politifolk, og i natt kom altså eit nytt dramatisk trekk i den dramatiske maktkampen i Tyrkia.

LES OGSÅ: Erdogan sparkar polititoppar etter aksjon mot korrupsjon

Politisjef utan politibakgrunn

Recep Rayiip Erdogan har fått sterk kritikk for sin handlemåte i samband med korrupsjonssaka. Blant anna har det vekt harme at etter korrupsjonsarrestasjonane i desember sparka politisjefen i Istanbul og erstatta han med ein mann utan politibakgrunn, Selami Altinok.

Demonstrasjon mot regjeringa i Tyrkia.

Det har vore mange store demonstrasjonar mot den tyrkiske regjeringa dei siste månadene.

Foto: OZAN KOSE / Afp

Erdogans kritikarar meiner det utnemninga var eit forsøk på å stanse korrupsjonssaka.

Selami Altinok var før utnemninga til ny politisjef i Istanbul ein heller ukjend guvernør heilt utan bakgrunn frå politiet, ifølgje AFP.

Den tilspissa maktkampen i Tyrkia har skapt problem for Erdogan, som tidlegare har hatt svært stor oppslutning blant veljarane. I mars er det viktige lokalval, og desse vala kan gi ein peikepinn om Erdogan og det moderat islamistiske partiet hans, AKP, held stillinga.

LES OGSÅ: Uro i Tyrkia etter korrupsjonsavsløringer

LES OGSÅ: Omfattende utskiftninger i Tyrkias regjering

Sterk økonomisk vekst

Tyrkia har under Erdogans styre opplevd ein eventyrleg økonomisk vekst, noko som har vore viktig for populariteten til regjeringa. Uroa den siste tida har gjort at den tyrkiske liraen har vorte mindre verd, og det kan vere ein indikasjon på manglande tillit til regjeringa.

Imamen Fetullah Gulen, som har budd i sjølvpålagt eksil i Pennsylvania sidan 1999, nektar for å ha noko med uroa i Tyrkia å gjere. Tilhengjarane hans var varme tilhengjarar av Erdogan og AKP då dei kom til makta i 2002.

EU har innstendig bede den tyrkiske regjeringa, som gjerne vil ha Tyrkia inn i EU, om å behandle korrupsjonssaka på ein «upartisk måte».

LES OGSÅ: Slik blir ferieåret 2014

SISTE NYTT

Siste nytt