Hopp til innhold

Erdogan kan hindre svensk og finsk Nato-medlemskap

Den tyrkiske presidenten seier det vil vere «ein feil» om Sverige og Finland blir med i Nato. Professor i sikkerheitsstudium seier han i praksis kan hindre at landa blir medlem.

Erdogan.

Den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan har sjølv vore meklar i fredsforhandlingar mellom Russland og Ukraina.

Foto: ADEM ALTAN / AFP

President Recep Tayyip Erdogan stiller seg ikkje positiv til Sverige og Finlands avgjerd om å søke tilslutning til Nato. Det melder nyheitsbyrået AFP.

Det vil vere «ein feil», meiner Erdogan. Tyrkia har sjølv vore medlem i Nato sidan 1952.

– Vi følger med på utviklinga med omsyn til Sverige og Finland, men vi ser ikkje positivt på det, seier Erdogan i ei direktesending.

For at eit nytt land skal kunne bli medlem i Nato, må alle dei 30 medlemslanda godkjenne søknaden.

Utanriksminister frå Finland og Sverige skal diskutere saka med utanriksminister frå Tyrkia i Berlin laurdag. Det melder mellom anna AFP og Reuters.

Sveriges statsminister Magdalena Andersson og den finske statsministeren Sanna Marin på veg til pressekonferanse.

Fram til no har både Sverige og Finland ikkje ønska medlemskap i Nato. Då Russland invaderte Ukraina starta derimot debatten for fullt.

Foto: Paul Wennerholm / AP

Erdogan har stor makt

– Eg tenkte dette kunne skje.

Det seier Gunhild Hoogensen Gjørv, professor i sikkerheitsstudium ved Universitetet i Tromsø.

– Kva makt har Erdogan til å hindre finsk og svensk Nato-medlemskap?

– Erdogan har ganske stor makt til å påverke det fordi det må vere konsensus blant alle medlemslanda for å ta opp nye land i alliansen, seier Gjørv.

– Dei har høve til å seie nei, og det er ei stor utfordring.

I går stadfesta Finlands leiarar at dei vil ta landet inn i forsvarsalliansen.

Gunhild Hoogensen Gjørv

Russland er viktig for Tyrkia, mellom anna økonomisk, seier Gunhild Hoogensen Gjørv ved UiT.

Foto: UiT

– Eg trur Tyrkia og Russland har hatt nokre samtaler sidan Finland kom med sitt utsegn i går, seier Gjørv.

Professoren meiner Tyrkia no speler ei rolle for å hindre det som Russland heilt klart er imot.

– Eg trur Tyrkia faktisk fungerer som eit verktøy for Russland innanfor Nato.

– Forhandlingsutspel

Kate Hansen Bundt, generalsekretær for Den norske Atlanterhavskomité, tolkar dette som eit forhandlingsutspel frå Tyrkia.

0pb1biLF4wU

Det kan hende at Tyrkia vil signalisere støtte til Russland, meiner Hansen Bundt.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

– Eg ser ikkje vekk frå at Tyrkia og Erdogan ønsker å oppnå andre ting enn å stenge for Sverige og Finland, at dei ønskjer ein forhandlingsposisjon.

Bundt får støtte frå Tyrkia-kjennar og førsteamanuensis ved UiO, Einar Wigen.

– Det er openbert at Tyrkia ønsker seg noko. Men kva dei vil ha, korleis dei skal få det og eventuelt får det, er det litt tidleg å seie, seier han til NTB.

Russland stansar straumleveransar

Fredag ettermiddag vart det kjent at det russiske straumselskapet RAO stanser sin eksport av straum til Finland. Det melder selskapet sjølv i ei pressemelding.

– Me er tvunge til å stanse elektrisitetsimporten frå og med 14. mai, opplyser RAO Nordic, som er eit dotterselskap av det statlege russiske energiselskapet Inter RAO.

Selskapet hevdar dei ikkje har fått betalt for straum sidan starten av mai.

Espen Barth Eide, klima- og miljøvernminister, seier til NRK at energipolitikken nå er blitt ein viktig del av tryggleikspolitikken i Europa.

– Energi blir brukt i konflikten begge vegar. Europa fasar ut Russisk olje og gass. No vil Russland kutte av dei landa dei likar minst, og no er dei opprørte over at Finland har søkt medlemskap i Nato, seier Eide.

Støre: – Ynskjer ikkje spekulere

– Eg er kritisk til dette utspelet. Både Finland og Sverige kvalifiserer openbert for medlemskap, og det har vore einigheit i Nato om det.

Det seier statsminister Jonas Gahr Støre til NRK fredag ettermiddag. Han legg til at han blei overraska over det Erdogan sa.

– Me har ikkje sett signal frå Tyrkia på det her tidlegare. Slik eg har oppfatta det har det vore ein positiv haldning til medlemskap frå Erdogan, fram til nå, seier Støre.

Han vil ikkje å spekulere i kva Erdogan ynskjer å oppnå med utspelet. På spørsmål om Erdogan har høve til å stanse medlemskapa, seier Støre presidenten no skapar ei uvisse.

Statsminister JGS sitter foran en mørk rød gardin. Han hviler hodet betenkt i høyre hånd. Han har på mørke klær, med en hvit skjorte som stikker frem ved halsen og håndleddet. I ansiktet har han festet en liten mikrofon.

Statsminister Jonas Gahr Støre seier han blei overraska over utspelet til Erdogan.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Erdogan skulda skandinaviske land for å støtte militante kurdarar og andre grupper som Tyrkia hevdar er terroristar.

– Skandinavia er som gjestehus for terrororganisasjonar, sa Erdogan ifølge NTB.

Støre vil ikkje gå nærmare inn på Erdogans utsegn om terrororganisasjonar.

– Det høyrer ut som ein fullstendig grunnlaus påstand, seier han.

Erdogan sa også at det var ein feil å godkjenne Hellas sin Nato-søknad i 1952. Han hevdar dei brukar forsvarsalliansen mot Tyrkia.

– Tyrkia vil ikkje gjenta ei slik tabbe.

Stor symbolsk betydning Finland vil inn i Nato

President i Finland, Sauli Niinistö og statsminister Sanna Marin vil ta landet inn i Nato.

SISTE NYTT

Siste nytt