Hopp til innhold

Erdogan åtvarar Russland etter ny grensekrenking

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan truar Russland med «konsekvensar», etter det som skal vere ei ny russisk krenking av tyrkisk luftrom. Russland kallar skuldingane «tyrkisk propaganda».

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan.

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan åtvarar Russland med «konsekvensar», etter at ei ny russisk krenking av tyrkisk luftrom.

Foto: ADEM ALTAN / Afp

– Det vil få konsekvensar for Russland om landet held fram med å krenkje tyrkisk suverenitet, sa Erdogan journalistar på flyplassen i Istanbul i kveld, før starten på ei reise til Sør-Amerika. Han sa også at han no ynskjer eit direkte møte med Russlands president Vladimir Putin.

Det russiske forsvarsdepartementet avviser dei tyrkiske skuldingane og kallar det heile for «tyrkisk propaganda».

Jens Stoltenberg

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg ber Russland slutte å krenkje tyrkisk luftrom.

Foto: EVN

Det tyrkiske utanriksdepartementet opplyser at eit russisk militærfly av typen SU-34 kom inn over tyrkisk luftrom i går, trass i at tyrkisk radar-åtvaringar. I november i fjor skaut Tyrkia ned eit russisk militærfly , noko som førte til ei diplomatisk krise mellom dei to landa. Russland innførte økonomiske sanksjonar mot Tyrkia etter nedskytinga.

Heftig ordkrig mellom Erdogan og Putin

– Tyrkia kjem til å angre på det dei gjorde

Stoltenberg reagerer

Episoden i går har også fått Nato til å reagere. Generalsekretær Jens Stoltenberg ber i kveld Russland om å «setje i verk alle naudsynte tiltak for å hindre krenking av Natos luftrom i framtida».

- Eit russisk kampfly krenka tyrkisk luftrom i år, trass i fleire åtvaringar frå tyrkiske styresmakter. Tidlegare hendingar har vist kor farlege slik framferd er. Eg ber Russland om å handle ansvarleg og respektere Natos luftrom, seier Stoltenberg i kveld.

Situasjonen har vore spent mellom Nato-landet Tyrkia og Syria etter at Russland starta luftkrigen sin mot syriske opposisjonsgrupper i september i fjor. Russland støttar Syrias

President Putin

Russlands president Vladimir Putin får kritikk av Tyrkia og Nato.

Foto: SERGEI KARPUKHIN / Reuters

president Bashar al-Assad og hans regime i borgarkrigen i landet, medan Tyrkia støttar styrkar som kjempar mot regjeringsstyrkane.

Nato: – Den største utfordringen i en hel generasjon

Overvakingsfly

Nato har heile tida gjort det klart at organisasjonen støttar Tyrkia i striden med Russland, men har også prøvd å roe ned situasjonen. Forsvarsalliansen, som har 28 medlemsland, har likevel lova å styrkje det tyrkiske luftforsvaret, blant anna ved utplassering av Awacs overvakingsfly.

SISTE NYTT

Siste nytt