Skipet, Captain Felix OCA, skulle ha reist frå Manila klokka 17 norsk tid tysdag ettermiddag, men kom seg først av garde seint på kvelden på grunn av uventa stor interesse frå blant anna Raudekrossen, Verdas helseorganisasjon, Verdas matvareprogram og filippinske organisasjonar.
– Når fartøyet tysdag kveld set kursen mot Tacloban, er det lasta med totalt 100 tonn ris, vatn, medisinar og teknisk utstyr for naudhjelpsarbeid, fortel direktør i Rederiforbundet Harald Solberg til NRK.
Lugarkapasiteten på 200 personar er sprengd, opplyser Solberg. Om bord er både helsepersonell, hjelpearbeidarar og mannskap.
Utan mat og vatn
Den kraftige tyfonen Haiyan råka delar av Filippinane med full styrke den 7. november. Det blei først rapportert om at minst 12.000 menneskeliv truleg hadde gått tapt i katastrofevêret. Tysdag opplyser presidenten i landet at dette talet ser ut til å vera langt lågare enn frykta.
Situasjonen er likevel desperat og prekær for dei ti millionane som er råka. Mange øysamfunn er framleis isolerte, og manglar både mat og vatn.
Hjelpeorganisasjonane fryktar også for utbrot av dødelege sjukdomsepidemiar, og fortvilar over at dei ikkje kjem seg dit nauden er verst.
– Sjøvegen er einaste alternativ
– Situasjonen på Filippinane er krevande og uoversikteleg. Hjelpearbeidarane kjem ikkje fram til kriseområda fordi vegar og annan infrastruktur på land er øydelagd. Sjøvegen er einaste alternativ og me er ein av få som har skip i området, fortel direktør Solberg i Rederiforbundet til NRK.
Captain Felix OCA er eit treningsskip som normalt blir nytta av Rederiforbundet sin skule for opplæring av kadettar i Manila, Norwegian Training Centre (NTC).
Skipet skal etter planen vera framme ved Tacloban torsdag kveld norsk tid.