Hopp til innhold

- Eg lærde å skilje mannen frå myten

Graça Machel var gift med Nelson Mandela i dei siste 15 åra av livet hans. – Eg lærde meg å skilje mellom mannen og myten, har ho sagt i eit intervju.

Nelson Mandela og Graça Machel i Durban i 1998.

Graça Machel fortel om eit lukkeleg ekteskap med Nelson Mandela. Her er dei under ei reise i Durban i 1998.

Foto: MIKE HUTCHINGS / Reuters

Graça Machel har blitt enkje for andre gong, og også den første mannen hennar var statsleiar. Faktisk er ho den einaste i verda som har vore førstedame i to ulike land.

Hennar første ektemann, Samora Machal, var president i Mosambik då han omkom i ei mystisk flyulukke i 1986. Ein teori var faktisk at det var det dåverande regimet i Sør-Afrika som stod bak flystyrten, men dette har aldri vorte bevist.

Graça Machel november 2013.

Graça Machel under premieren på filmen om Nelson Mandela i november i år i Johannesburg.

Foto: SIPHIWE SIBEKO / Reuters

67 år Graça Machel er 27 yngre enn Nelson Mandela. Ho gifte seg med den sørafrikanske fridomshelten i 1998, på Mandelas 80-årsdag i 18. juli. Ho har vore ei god støtte for han gjennom dei siste åra når han har vore plaga med alderdom og sjukdom.

Tilfeldig møte i 1990

Ifølgje The Guardian hadde dei to eit tilfeldig og kort møte i Mosambik, etter at Mandela vart sett fri frå fengsel i 1990. Om dette møtet har han seinare sagt at ho var ei «særs imponerande kvinne med ein slåande personlegdom».

Graça Machel vart fødd i Mozambique i 1945. Ho gjekk tidleg inn i frigjeringsorganisasjonen Frelimo, der ho fekk trening som geriljasoldat. Samora Machel, den første mannen hennar, var då leiar av organisasjonen.

Etter at dei portugisiske kolonistane vart kasta ut i 1975, vart ho den første undervisningsministeren i det frie Mosambik. Ho hadde denne statsrådsposten i 14 år, og dette la grunnlaget for ei lang karriere der engasjement og arbeid for born har stått sentralt.

– Det har vore meininga med livet mitt heilt sidan eg var ung. Å prøve å kjempe for sjølvrespekten og fridomen til folket mitt, sa ho for nokre år sidan.

LES OGSÅ: Hvor går Sør-Afrika etter Mandela?

LES OGSÅ: Vår tids største leder

Offentleg kyss

Etter det første møtet mellom Graça Machel og Nelson Mandela i 1990, gjekk det to år før dei møtte kvarandre igjen. Det skjedde då Machel skulle ta mot ein æresdoktorgrad ved eit universitet i Cape Town. Så vart dei endå betre kjende utover dei neste åra.

På denne tida vart Nelson Mandelas ekteskap med Winnie Madikizela-Mandela stadig dårlegare, og det enda med skilsmisse i 1996.

Nelson Mandela og Graça Machel i Pretoria i 2009.

Då dette biletet vart teke i Pretoria i 2009, var Nelson Mandela alt merkt av sjukdomen.

Foto: POOL / Reuters

Etter dette gjekk det ikkje lenge før Graça Machel og Nelson Mandela viste seg offentleg saman. Dei reiste på turar til utlandet saman, og det vart tekne bilete der dei heldt kvarandre i hendene. Under eit statsbesøk i Zimbabwe vart dei foreviga medan dei kyste.

– Eg kan ikkje skildre den gleda og lukka eg kjenner ved å bli elska av ei så audmjuk og elskeleg kvinne. Det gir meg ei utruleg trøyst og tilfredsstilling at det er nokon i universet eg kan stole på, spesielt i saker der mine politiske støttespelarar kjem til kort, sa Mandela ved eit høve om sin nye kjærleik.

LES OGSÅ: Slik blir Mandelas siste reise

LES OGSÅ: Enorme ulikheter preger Sør-Afrika

– Blomstrar seint i livet

I eit fjernsynsintervju sa han dette:

– Eg elskar ei nydeleg kvinne. Eg tenkjer ikkje på tilbakeslaga livet gir, for seint i livet blomstrar eg på grunn av kjærleiken og støtta ho gir meg.

I 1998, då han var 80 og ho 52, kjøpte dei seg først eit hus saman og gifte seg. Erkebiskop Desmond Tutu, også han fredsprisvinnar, hadde ved fleire høve klaga på at dei «levde i synd».

Nelson Mandela og Graca Machel

Nelson Mandela og Graça Machel tek mot jubel på ei av dei mange reisene dei gjorde saman.

Foto: POOL / REUTERS

- Graça har gjort ein ærbar mann av han, sa erkebiskopen i bryllaupstalen sin.

I eit intervju med CNN i 2008 sa Graça at ho aldri hadde opplevd aldersskilnaden mellom dei som noko problem, og at Mandela var ein strålande ektemann.

– Det er ofte slik at når ein er ung, så er ein for krevjande. Men vi aksepterer kvarandre slik vi er. Og vi gler oss over kvar dag som om det var den siste. Det er årsaka til at vi har det så bra saman, sa ho.

LES OGSÅ: Apartheid – da loven var hvit

LES OGSÅ: Tok farvel med Mandela: – En av vår tids største helter har gått bort

Mannen og myten

Ho vedgår i intervjuet at det ei starten kunne vere ein konflikt mellom mannen ho elska og myten Nelson Mandela.

– Eg kjenner han som menneske, og som ein person med ein myte eller aura rundt seg. I starten var det eit problem, men eg har lært meg å leve med det ved å skilje mellom mennesket og myten, sa ho i intervjuet.

Det blir sagt om Graça Machel at ho gjennom sine to ekteskap aldri har late seg bli dominert eller definert av dei to ektemennene. Ho har sine eigne livsverk å ta vare på. Ho etablerte «Foundation for Community Development in Mozambique», og ho er FN-ekspert på korleis væpna konfliktar verkar inn på born sine liv.

Ho var også ein av grunnleggjarane av gruppa «The Elders» (Dei eldre), ei internasjonal gruppe av erfarne politikarar som arbeider for fred og menneskerettar. Ho snakkar flytande fransk, spansk, italiensk, portugisisk og engelsk, samt morsmålet tonga.

LES OGSÅ: Steven Van Zandt jobbet for å få satt Mandela fri

LES OGSÅ: «Norge har en spesiell plass i våre hjerter»

SISTE NYTT

Siste nytt