Hopp til innhold

Engla låg åtte dagar på skogsveg

Engla Juncosa-Höglund låg død på ein aude skogsveg i åtte døgn, før ho vart funnen.

Engla Juncosa-Höglund
Foto: Politiet / Scanpix

Den 42 år gamle lastebilsjåføren Anders Eklund vedgjekk sundag at han hadde drepe ti år gamle Engla.

Like etter tilståinga synte han politiet den aude skogsvegen der Engla låg, fleire mil frå heimen hennar i Stjärnsund.

Sjekka mot fire uløyste drap

No vil svensk politi sjekke 42-år gamle Anders Eklund opp mot fire uløyste drap i Vest-Sverige, skriv Göte. Også norsk og dansk politi sjekkar no mannen opp mot uoppklarte saker.

LES: Sjekker 42-åring mot uløste drap

Anders Eklund
Foto: POLISEN / SCANPIX SWEDEN

Sakene i Vest-Sverige dreier seg om 16 år gamle Malin Olsson som vart drepen i Göteborg i juli 1994, drapet på 31 år gamle Maria Nilsson i 1997, 29 år gamle Bussaba Carlsson, som vart drepen i Göteborg i 1989 og drapet på 22 år gamle Helena Anderson i 1992.

Anders Eklund, som i periodar har sete i fengsel, har vore på frifot i alle desse fire tilfella.

Men det er ikkje berre dei uoppklarte morda som uroar politiet i Vest-Sverige. Det finst også ei mengd uoppklarte valdtekter som no truleg vert teke opp att.

Nye forhøyr i morgon

I morgon skal mannen forhøyrast igjen. Då kjem han til å få spørsmål om eit tredje drap i Dalarna. Det gjeld Pernilla Theorin, som vart funnen drepen i ein utbrent bustad i august 2006.

SISTE NYTT

Siste nytt