Hopp til innhold

Verdas energiherredømme i endring

Land som tidlegare har vore avhengige av å importere olje og gass tek snart att energistormaktene. USA peikar seg aller mest ut, og kan om få år vere verdas største energiprodusent, men berre for nokre år.

CONTINENTAL-FLARING/ File photo of natural gas flares at an oil pump site outside Williston, North Dakota

Her i Williston i Nord-Dakota i USA går oljeriggane varme. Den aukande produksjonen av olje i USA vil halde fram i åra som kjem, og allereie i 2015 kan landet som lenge har vore storimportør av energi bli verdas største energiprodusent.

Foto: SHANNON STAPLETON / Reuters

Skal ein tru rapporten «World Energy Outlook 2013» (sjå faktaboks) står verda framfor eit tronskifte på dei internasjonale energimarknadane. Men allereie i 2020 kan maktbalansen i energiverda endre seg nok ei gong.

USA størst i 2015

Rapporten, som blir gitt ut av Det internasjonale energibyrået (IEA), syner at land som tidlegare var avhengige av energiimport, no ser ut til å ta igjen forspranget og bli energieksportørar.

– Det er ei stor endring i hovudrollene i det globale energisystemet. Me ventar at USA kjem til å vere verdas største oljeprodusent i 2015, seier sjeføkonom i IEA, Fatih Birol til Reuters.

Om spådommane i rapporten vert verkelege vil USA gå forbi Saudi-Arabia og Russland i oljeproduksjon, og dermed kan også den geopolitiske maktbalansen i verda endre seg for nokre år.

Midtausten kan kome tilbake

USA vil bli langt mindre avhengige av statar som dei tidlegare har handla mykje med, som til dømes Saudi-Arabia. Men amerikanarane bør ikkje juble for tidleg, for rapporten predikerer endå fleire endringar endå lengre fram i tid.

– Me ser to kapittel i verdas framtidige oljemarknader. Fram mot 2020 ventar me ei auke i mengda råolje frå USA, og på grunn av ei oljeauke i Brasil vil behovet for Midtausten-olje dei neste åra vere mykje mindre.

– Men sidan det er avgrensa oljeressursar i USA vil dette nå ein topp, og deretter gå nedover. Etter 2020 vil Midtausten dominere på ny, seier Fatih Birol til Reuters.

På importsida er det også venta å skje store endringar. Den rivande utviklinga i Asia krev også mykje energi. I dag er det Kina som er storimportør, men innan 2020 meiner IEA at India har tatt over som største energiimportør.

Tord Lien

Olje- og energiminister Tord Lien er ikkje uroa over spådommane som seier at USA vil ta over trona som verdas største energiprodusent.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Noreg ser mot Asia og Latin-Amerika

Også Noregs olje- og energiminister, Tord Lien, har merka seg endringane. Han innser at det kan bli mindre handel med USA i åra som kjem, og at Noreg må sjå etter nye marknadar.

– Me ser no at det oppstår nye marknadar i Søraust-Asia og Latin-Amerika. Me veit også at EU vil bruke meir energi, og at dei på ein del område, mellom anna på gassida, vil produsere mindre, seier Lien.

I USA har gassprisane stupt i takt med dei aukande energireservane i landet. Lien trur uansett ikkje prisnedgangen vil råke Noreg.

– Sjølv med dei endringane som har vore, med resesjon i Europa, har me hatt høge prisar på norsk gass, og det kjem me også til å ha i framtida. Me har ein stor fordel med lange partnarskap med EU og landa i Europa, og me har også ein svært effektiv eksport av gass til Europa, seier Tord Lien, før han legg til:

– Europa er vår viktigaste marknad, og vil bli verande vår viktigaste marknad, seier Lien, vel vitande om at Noreg er på toppen av dei fleste lister kva gjeld olje- og gassutvinning i Europa.

Vil bli endringar

Professor ved BI og spesialist på olje- og gassøkonomi, Ole Gunnar Austvik, heller kaldt vatn i blodet til dei som meiner alt kan halde fram som før.

Professoren seier ein snart vil sjå ei forskyving i energimarknadane.

– USA, som har vore på etterspurnadssida fram til no, vil kome på tilbodssida. Kanskje kjem det fleire og, så marknadane for både olje og for gass vil utan tvil bli meir mangfaldige enn det dei er i dag. Det vil naturleg nok påverke både prisane og Noregs situasjon, seier Austvik.

Ole Gunnar Austvik

Professor Ole Gunnar Austvik.

Foto: Nupi

Han understrekar at endringar allereie er i gang, spesielt på gassida.

– Større mangfald på tilbodssida, spesielt gjennom auka handel med flytande naturgass, har ført til at marknaden i Europa er blitt meir fleksibel.

– I tillegg har vi fått ei liberalisering av marknaden i EU, som gjer at Noreg må selje på nye måtar. Dei langsiktige kontraktane vi har hatt sidan startfasen på 1970-talet, og som framleis dominerer, vil kome under sterkare press, seier Austvik.

På lang sikt vil dette føre til lågare prisar, spesielt innan gass der nye tilbydarar kjem til i rekordfart.

– Det er to forskjellige marknadar for olje og gass. Og spesielt gassmarknaden er i ferd med å bli global, noko som vil påverke prisane.

Forskjellane i prisar mellom USA, Europa og Asia skuldast først og fremst flaskehalsar. Men når dei blir løyst opp, som når USA startar å eksportere gass, kjem prisene til å jamne seg ut.

– Dersom alt elles er omtrent likt, vil prisane i Europa bli lågare mens prisane i USA vil stige. Det kan sjølvsagt skje etterspurnadsendringar som påverkar prissettinga, men at prisforskjellane kan eksistere over tid, trur eg ikkje, seier Austvik.

Ingen fullstendig revolusjon

BI-professoren meiner man ikkje kan snakke om ein storrevolusjon innan energi riktig ennå.

– På den eine sida kan man bruke ordet revolusjon. Energibransjen har tidlegare operert med veldige langsiktige endringar, mens nå går det veldig raskt.

– Endringane, mellom anna innan teknologi, har gjort at USA går frå å vere den største energiimportøren til å bli sjølvforsynt med energi, og etter kvart også eksportør. Det trudde ingen for nokre få år sidan, sjølv ikkje amerikanske styremakter.

– Men det blir ingen revolusjon i global forstand viss ikkje det som nå skjer i USA, spreiar seg til andre land. Noreg og oljelanda i Midtausten vil framleis vere viktige for olje og gassforsyninga i verda i lang tid framover.

– Men skulle endringa som nå skjer innan teknologien spreie seg til Europa og Kina og Japan, og elles i Afrika og Asia, så kan vi byrje å snakke om ein energirevolusjon, seier Ole Gunnar Austvik.

SISTE NYTT

Siste nytt