Det var 6. april i år at Paksas vart avsett som president i Litauen av nasjonalforsamlinga i landet. Dette skjedde etter at grunnlovsdomstolen hadde funne han skuldig i brot på grunnlova. Han vart blant anna skulda for nært samband med den russiske mafiaen.
Trass i avsetjinga gjorde Paksas det klart at han ville stille som kandidat ved presidentvalet i juni, og han starta straks valkampen. Han reiste rundt i heile Litauen, spesielt på landsbygda, der han har hatt sterk støtte.
Tidlegare denne månaden vedtok nasjonalforsamlinga ei lov som skulle gjere det umogleg for Paksas å stille som kandidat ved presidentvalet. I lovteksten heiter det at det ikkje skal vere mogleg for ein president som er avsett å stille på nytt så kort tid etter avsetjinga.
Rolandas Paksas meinte dette var i strid med den litauiske grunnlova, og klaga lova inn for grunnlovsdomstolen.
I dag avgjorde altså domstolen at den nye lova er i tråd med den litauiske konstitusjonen, og dermed er det sett ein førebels stoppar for den politiske karrieren til Rolandas Paksas. Avgjerda i grunnlovsdomstolen er endeleg og kan ikkje ankast.
Men få i Litauen trur den 47 år gamle eks-presidenten er ute av politikken for godt. Til hausten er det val både på ny nasjonalforsamling og av utsendingar til EU-parlamentet.