Hopp til innhold

Borgarmeisterens første gjerning var å rette på visarane

Utfordringane står i kø, men borgarmeisteren i Albanias hovudstad byrja med å synkronisere klokkene i Tirana sentrum.

Klokketårnet før og etter

Før og etter. Den nyvalde borgarmeisteren i Tirana har synkronisert urvisarane på alle fire ur på veggen. No er dei synkronisert med endringane frå dag ein, skriv han på Twitter.

– Vi må ta dei første tinga først, vi kan ikkje ha ein by som «står fast i tida», skriv Tiranas borgarmeister Erion Veliaj på Twitter.

Eit fotografi viser dei fire urskivene på klokketårnet «før og etter» intervensjonen til borgarmeisteren.

Klokketårnet er eit kjent landemerke i sentrum av byen. Lyst opp av lyskastarar om natta kan det igjen gje tiranabuarane riktig informasjon om kva klokka er.

Laster Twitter-innhold

Lang tradisjon for kosmetisk fornying

Veliaj tek dermed opp tradisjonen til forgjengar og partifelle Edi Rama i sosialistpartiet. Han brukte litervis av måling frå Jotun, for å gjere det som kanskje er den gråaste byen på Balkan litt meir fargerik.

Fargerike Tirana

Fargerike bygg i Tirana, gjorde noverande statsminister Edi Rama til politisk stjerne i Albania.

Foto: Wikipedia

Tiltaket var populært, og Rama er no statsminister. Spørsmålet er kva effekt synkroniseringa av klokketårnet vil få for den nybakte borgarmeisteren Veliaj.

Sosialistane fekk 46 av 61 borgarmeistrar under lokalvalet i juni, og Veliaj representerer ein ny generasjon albanske politikarar.

Utfordringane står i kø

Albania Local Elections

Ny borgarmeister frå eit gammalt parti. Sosialistane har røtene sine i det gamle albanske kommunistpartiet til Enver Hoxha. Men isolasjonisme og paranoia er erstatta med progressive tankar og ambisjonar om EU-medlemskap.

Foto: Hektor Pustina / Ap

Albanarane strøymer til Tirana, utan at ein har klart å utbetre infrastrukturen i takt med befolkningsveksten.

Eit godt eksempel er elvene Lana og Tirana som renn gjennom hovudstaden. Dette er dei to mest forureina elvene i Albania. Men ikkje før dei har rent gjennom byen.

Luftforureininga er også ute av kontroll, og på nattetid er det farleg å ferdast. Gatene er mørke, og ofte er kumlokka fjerna og smelta om, slik at det berre er eit svart hol igjen på bakken for uvørdne fotgjengarar å dette nedi.

ALBANIA-ELECTRICITY/

Det er ikkje uvanleg å måtte gjere lekser til levande lys i Tirana.

Foto: ARBEN CELI / REUTERS

Blått lys brenn for elforsyninga

Elektrisitetsnettet er også sprengt. Det er så overbelasta at for nokre år sidan klarte ein katt og ei mus å slå ut straumforsyninga til byen i 72 timar. Dei to dyra jaga kvarandre som Tom og Jerry inne i ein transformator til det sa pang.

Bunker Albania

Kommunistane bygde over 700.000 bunkere til forsvar av landet. Her er ein pynta i Tirana.

Foto: Anne Abelsæth

Dei to vart funne ille tilredt av reparatørane.

– Vi måtte ta bilete, dette hadde vi aldri sett før, sa ei talskvinne for elverket KESH til BBC.

Lovar å ta tak i utfordringane

På spørsmål fra NRK seier 35 år gamle Veliaj at han har planar om å utbetre infrastrukturen i Tirana.

– Men først må vi få oversikt over det vi har arva, vi veit meir om ein månad eller to, seier Veliaj til NRK på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Og ein god start er det kanskje å synkronisere klokketårnet, slik at folket i Tirana kan få ein ting mindre å irritere seg over.

SISTE NYTT

Siste nytt