Jens Stoltenberg er på reise i USA, og i dag møtte han Barack Obama på det ovale kontor i Det kvite hus.
– USAs bidrag til Nato og tryggleik i Europa er avgjerande, sa Stoltenberg til NTB i forkant av møtet.
Amerikanarane dekker framleis over 70 prosent av alliansens sine utgifter, har størst militær kapasitet, og har utan tvil ei hand på Nato-rattet.
- LES OGSÅ:
– Tryggingssituasjonen i Europa er endra
Naturlege samtaletema mellom dei to er konflikten i Ukraina, og Russlands rolle der, samt terrorgruppa IS sin aktivitet i Midtausten.
Forsvarsalliansen har den siste tida styrka sitt kollektive forsvar. I Noreg kan det mellom anna merkast med at Hæren forsterkar sitt nærvær i Finnmark for å forsvare Noreg.
– Me står overfor ein ny tryggingssituasjon som me må handtere, har Stoltenberg sagt til NTB.
- LES OGSÅ:
Natosjefen har tidlegare ytra seg sterkt kritisk til Russland si rolle i konflikten i Aust-Ukraina, og også tidlegare denne månaden sa han at Europas tryggingssituasjon er endra, og at endringane kjem til å bli langvarige.
Fekk ikkje møte Obama i mars
Under Stoltenbergs førre USA-besøk i mars vekte det merksemd at Stoltenberg ikkje møtte Barack Obama. Mange meinte det var eit teikn på at forholdet mellom Nato og USA ikkje er like sterkt som før.
- LES OGSÅ:
Rykta vart avvist av Det kvite hus, og Stoltenberg sa sjølv at forholdet til USA er utmerka.
Under sitt besøk i Washington skal Stoltenberg også møte den amerikanske utanriksministeren John Kerry og han skal halde eit foredrag om Russland hos tankesmia CSIS.
På torsdag og fredag reiser han vidare til delstatane Florida og Georgia der han skal besøke ein ubåtbase og eit krigsskip som til hausten skal patruljere i Middelhavet.