Ein lastebil som frakta flytande petroleumsgass (LPG) kolliderte med ein annan lastebil, og eksploderte på motorvegen, ifølgje nyheitsbyrået ANSA. Ulykka skjedde rundt klokka 14.00 lokal tid.
Italiensk politi seier at to personar skal vere døde, og mellom 60 og 70 vart skadde i ulykka, melder AP. Nokre av dei skadde har fått alvorlege brannskadar.
Eksplosjonen var så kraftig at den knuste fleire vindauge i bygningar rundt motorvegen. Nokre av dei som vart skadde hadde blitt trefte av knust glas som flaug gjennom lufta, melder den private fjernsynskanalen Sky TG24.
Ei bru har delvis rast saman som følgje av eksplosjonen. Politiet har lagt ut ein video på Twitter som viser kva som er att av vegbana etter at brua kollapsa.
Eksplosjonen sette også bilar, som stod på parkeringsplassen utanfor ein bilforhandlar under ringvegen, i brann.
Sløkkearbeidet var vanskeleg på grunn av den intense varmen i brannen, og brannmannskapa måtte sette inn helikopter som henta vatn frå ei elv.
Tre timar etter at eksplosjonen skjedde hadde brannmannskapa klart å sløkkje flammane. Dei jobbar framleis med å avkjøle området, ifølgje ANSA.