Hopp til innhold

Elvis Presley-bryllaup i fare for å forsvinne

Har du alltid drøymt om at ein Elvis Presley-imitator skulle vere presten i ditt bryllaup? Då kan det vere no eller aldri.

Elvis-imitator Jesse Garon vier eit par i Little Chapel of Hearts i Las Vegas.

Jesse Garon har jobba som Elvis-imitator i 35 år. No går både han og yrket hans ei usikker framtid i møte.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters

Selskapet som eig rettane til «Kongen av rock and roll» går no hardt ut mot kapell i Las Vegas som tilbyr bryllaupsarrangement med Elvis-tema.

I eit brev til samtlege kapell skriv Authentic Brands Group (ABG) at dei ikkje får bruke Elvis i sine seremoniar.

Kapella må søke om løyve før dei kan bruke «namn, likskap, stemmebilde og andre element av Elvis Presleys persona i annonsar, merchandise og anna». Det skriv Las Vegas Review-Journal.

Dei spesifiserer også at «Elvis», «Elvis Presley» og «Kongen av rock and roll» er beskytta varemerke.

Kapell som ikkje følger vilkåra innan ei veke kan vente seg rettslege steg.

Buksedrakt og solbriller

Jesse Garon er blant dei som lever av å etterlikne Elvis Presley.

Han utfører omtrent 650 bryllaupsseremoniar i året. Ikledd buksedrakt, solbriller og med ein rosa Cadillac kabriolet frå 1955, for dei som ønsker det.

Elvis-imitator Jesse Garon poserer med eit par som har fornya ekteskapsløfta sine 1. juni.

Elvis-imitator Jesse Garon poserer med eit par som har fornya ekteskapsløfta etter 10 år som ektefolk.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters

No står han i fare for å måtte finne seg eit anna yrke.

– Det ville knust meg om eg måtte slutte med dette, seier Garon til avisa.

– Eg veit ikkje kva eg skulle funne på om eg ikkje kunne opptre som Elvis for desse para. Det er minst 80 prosent av jobben min som Elvis.

Garon får støtte frå Las Vegas-ordførar Carolyn Goodman. Ho meiner AMG er ute etter å øydelegge industrien.

– Desse folka gir openbert ikkje ein pokker om dette samfunnet eller folka i det.

Både "Elvis" og ekteparet får ta del i musikken under vigslane.

Ein får sjølvsagt både sang og dans med på kjøpet i eit Elvis-bryllaup.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters
Jesse Garon og ekteparet.

Etter to år så og seie utan business på grunn av korona, har interessa for Elvis-bryllaup tatt seg opp igjen.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters
Både "Elvis" og ekteparet får ta del i musikken under vigslane.

Ein stor del av Las Vegas si turnistnæring er knytta til Elvis Presley.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters
Elvis Presley ser inn i eit speil i kapellet der han jobbar.

Bryllaupsindustrien i staten håvar inn rundt to milliardar dollar årleg.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters
Jesse Garon poserer på kabrioleten sin.

Antrekket må vere på plass om ein skal likne på Elvis Presley.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters
Jesse Garon i framsetet, med det klinande ekteparet Juliet og Stuart Williams i baksetet.

Ekteparet Juliet og Stuart Williams er som nyforelska igjen etter å ha fornya ekteskapsløfta. Dei har vore gift i ti år.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters
Jesse Garon køyrer sin rosa Cadillac kabriolet.

Jesse Garon har ikkje retta seg etter påbodet frå AMG. Berre måndag denne veka utførte han fire bryllaupsseremoniar.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters

– Vi held Elvis i live

– Dette kunne ikkje ha kome på eit verre tidspunkt, seier Lynn Goya.

Ho er ansvarleg for å marknadsføre bryllaupsmoglegheitene i Las Vegas, og peikar på at bransjen nettopp hadde kome seg over korona-kneika.

– Det kan øydelegge ein del av bryllaupsbransjen vår. Ei rekke menneske kan miste levebrødet sitt.

I slutten av juni får også spelefilmen om Elvis premiere, noko som truleg vil gjenopplive interessa for rockestjerna sitt liv. Kapell-eigarane trur også det vil kunne gi Elvis-bryllaupa ein boost.

Sjefen for kapella Vegas Weddings og Viva Las Vegas Weddings, Melody Willis-Williams, seier dei fleste av dei er små bedrifter.

– Vi er opp mot ei supermakt med mykje pengar. Advokatrekningane kan drepe oss i å kjempe mot dette.

Elvis-imitator Christian Morales.

Ein annan Elvis-imitator, Christian Morales, ventar på at turistar skal kome og ta bilde med han på The Strip.

Foto: Julie Jacobson / AP

Elvis-bryllaup er synonymt med Las Vegas, meiner ho.

– Vi held Elvis i live.

Vil verne merkevara

I eit utsegn skriv AMG at dei har sterke relasjonar med Elvis-imitatorane og at dei har «ingen intensjon om å stenge kapell som tilbyr Elvis-pakkar i Las Vegas».

– Vi ønsker å samarbeide med kvar og ein av desse små bedriftene for å sikre at deira bruk av Elvis sitt namn, bilde og likskap er offisielt lisensiert og autorisert av buet, slik at dei kan halde fram med si verksemd, seier gruppa ifølge The Guardian.

Men eigaren av Elvis Weddings, Kent Ripley, ser likevel ikkje lyst på situasjonen.

– Dei vil verne Elvis-merkevara. Men kva vernar dei ved å ta vekk Elvis frå offentlegheita?

Eit ektepar blir geleida av ein Elvis-prest.

Det er nærmast utenkeleg å reise til Las Vegas utan å møte på ein Elvis-imitator.

Foto: John Locher / AP

SISTE NYTT

Siste nytt