Hopp til innhold

Elon Musk kjøper Twitter for 44 milliardar dollar

– Det kan i ytste konsekvens bli ein utriveleg stad, seier medievitar Magnus Hoem Iversen.

ELON MUSK

TWITTER-KJØPAR: Elon Musk seier at han ynskjer å gjera Twitter betre enn nokon gong.

Foto: BRITTA PEDERSEN / AFP

Det er selskapet som opplyser om kjøpet. Summen svarar til rundt 400 milliardar norske kroner.

Elon Musk uttaler i pressemeldinga at ytringsfridommen er grunnsteinen i eit fungerande demokrati og at Twitter er eit forum der viktige saker blir diskutert.

– Eg ynskjer også å gjera Twitter betre enn nokon gong ved å betra produktet med nye funksjonar, gjera algoritmane opent tilgjengelege, overvinna søppelpost-robotane og autentisera alle menneske, seier han.

– Twitter har eit enormt potensial. Eg ser fram til å jobba med selskapet og brukarfellesskapet, seier han vidare.

Avisa The New York Times skriv at eit mål med Twitter-bodet er Musks behov for å avgrensa det som han ser som «altfor aggressive retningslinjer for innhaldsmoderering» som avgrensa kva folk kan ytra på nettstaden.

Medievitar: – Kan bli ein utriveleg stad

– Twitter har fått ein eigar som har ein tydeleg vilje med det han vil med plattforma, seier Magnus Hoem Iversen, som har doktorgrad i medievitskap.

Iversen peikar også på at Musk i tidlegare utsegn har sagt at verdiar som ytringsfridom er viktig for han og at han gjerne skulle sett at Twitter blei friare.

Medievitaren spår at det vil bli endringar på plattforma. Han seier det kan få store konsekvensar for plattforma dersom Musk går i retninga av at tenesta skal bli mindre filtrert.

Magnus Hoem Iversen

Medievitar Magnus Hoem Iversen spår at det vil bli endringar på plattforma når Elon Musk no blir eigaren.

Foto: Sigrid Haaland

– Det kan i ytste konsekvens bli ein utriveleg og uleveleg stad, seier Iversen.

Magnus Hoem Iversen seier at Twitter har vore eit populært sosial medium lenge, med ein jamn, men relativ liten brukarbase sett i forhold til Facebook.

– Musk er sjølv veldig aktiv på Twitter, men det er jo ikkje han som kan definera kva som blir bra for brukarane. Det er berre brukarane. Musk er ein impulsiv person som kan finna på å gjera relativt store endringar raskt. Det kan slå an, men det kan også gjera at han står i fare for å mista brukarbasen, seier Iversen.

Privateigd

– Når oppkjøpet er gjennomført, vil Twitter bli eit privateigd selskap, skriv Twitter i pressemeldinga.

Oppkjøpet inneber altså at Musk kjøper heile selskapet og at det blir tatt av børs.

Bodet blei samrøystes godkjent av styret i Twitter, og dei seier at handelen er gjennomført i 2022.

Twitter skriv at Musk har sikra finansiering av oppkjøpet gjennom 25,5 milliardar dollar i lån, og 21 milliardar dollar i eigenkapital.

Eit bilete som viser Twitter-logoen.

Twitter skriv i ei pressemelding at når oppkjøpet er gjennomført, så vil Twitter bli eit privateigd selskap.

Foto: JUSTIN SULLIVAN / AFP

Musk og Twitter har vore i forhandlingar etter at Musk gav eit bod på 43 milliardar dollar, som svarar til 378 milliardar kroner.

Tesla-eieren var i helga i fleire samtaler med styret for Twitter der temaet var Musk sine planar om å kjøpa selskapet.

Måndag steig Twitter-aksjane med 3,9 prosent under kjøpsforhandlingane. Seinare blei det handelsstans medan ein venta på nyheiter frå selskapet om forhandlingane med SpaceX-grunnleggaren.

Blei motarbeida

Styret i Twitter har motarbeida Musk sitt forsøk på å kjøpa selskapet og Twitters aksjonærar har tidlegare avvist Musk sitt bod.

Tesla-eieren opplyste i byrjinga av april at han hadde kjøpt 9,1 prosent av Twitter, om lag 73,5 millionar aksjar. På nettopp Twitter har han sagt at han vil gjera tenesta reklamefri, dette trass i at rundt 90 prosent av inntektene til selskapet i fjor kom frå annonsar.

Illustrasjon som viser Elon Musk og Twitter-kontoen hans.

Musk er sjølv aktiv brukar av Twitter. Blant anna hadde han ein meiningsmåling der han spurte følgjarane meiner Twitter følgjer prinsippet om ytringsfridom. Dei fleste svara nei.

Foto: DADO RUVIC / Reuters

For ein månad sidan ymta Musk at han hadde planar om å røska opp i Twitter. I ei melding for sine 80 millionar følgjarar på Twitter fastslo han at ytringsfridommen er vesentleg for at eit demokrati skal fungera. Deretter spurte han følgjarane om dei meiner Twitter følgjer dette prinsippet. 70,4 prosent svara nei.

Tidlegare president Donald Trump har vore utestengd av Twitter. Han seier at han ikkje vil gå tilbake til Twitter dersom Elon Musk sitt nyleg bekrefta kjøp av selskapet skulle føra til at Trump sin konto blir gjenoppretta.

SISTE NYTT

Siste nytt