NRK Meny
Normal

Elleve ungdommar arrestert for gruppevaldtekt i Liverpool

Ti unge gutar og ei jente er arrestert for valdtekt av ei 43 år gammal kvinne i Liverpool. Den yngste av gutane er berre 12 år gammal.

Den 43 år gamle kvinna vart overfalt av ungdommane i sin eigen heim i Liverpool, og ifølgje britisk politi skal kvinna vere i det dei omtalar som ein sårbar tilstand.

Kvinna er no sendt til sjukehus, og skal vere svært forkomen, skriv Sky News.

Ti av ungdommane var gutar, den eldste er 19 år, og den yngste er 12 år. I tillegg skal tre av gutane vere 13 år gamle. Også ei 15 år gammal jente var involvert i overgrepet, ifølgje avisa.

Politiet ber om tips for å få meir informasjon om det dei omtalar som eit "grusomt åtak".

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt